– Me treng meir kraft for å kutte utslepp og for å etablere nye og sikre eksisterande arbeidsplassar og industribedrifter. Den raskaste måten me kan få til det er med landbasert vindkraft. Ved å forskotere inntekter frå produksjonsavgifta på vindkraft får kommunane ta del i verdiskapinga frå vindkraftprosjekta tidlegare, seier energiminister Terje Aasland.

Etablering av vindprosjekt kan vere lange og krevjande prosessar for kommunane, samtidig som inntektene først kjem etter at anlegget er sett i drift. For å betre situasjonen foreslår regjeringa ei frivillig ordning der staten forskoterer inntekter frå produksjonsavgifta på landbasert vindkraft til vertskommunane frå byggestart og fram til anlegget er sett i full drift. Det årlege forskotet utgjer 50 prosent av forventa avgift.

Scenarioanalysar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) illustrerer at ny kraftproduksjon er viktig for utviklinga i dei norske kraftprisane. I scenarioet utan vindkraft på land, anslår NVE at kraftprisen per kilowattime blir 6,7 øre høgare i heile landet i 2035. I scenarioet utan ny havvind aukar prisen per kilowattime med 8,4 øre. NVEs scenariorapport for kraftmarkeden for 2026 blir publisert i løpet av oktober.

– Utbygging av landbasert vindkraft har mykje å seie for kraftbalansen og kraftprisane. Analysane frå NVE illustrerer tydeleg kor viktig ny kraftproduksjon er for å oppretthalde eit kraftoverskot og avgrense prisveksten, seier Aasland.

Ordninga med forskotering av inntekter frå produksjonsavgifta på vindkraft skal vere nøytral for staten. Det utbetalte forskotet blir tillagt ei årleg rente på 4 prosent, som tilsvarer staten si kalkulasjonsrente. Forskotet og tillagde renter blir avrekna mot dei årlege avgiftsinntektene etter at vindkraftverket er sett i drift.

Dersom prosjektet ikkje blir realisert, eller forskotet ikkje blir fullt ut motrekna, pliktar kommunen å betale tilbake restbeløpet etter ein plan som er fastsett av NVE. Det blir ikkje gjort endringar i korleis avgifta blir rekna ut eller kravd inn.