Regjeringa vil gjera det lettare å ta utdanning for vaksne i arbeidslivet

Lånekassen jobbar med ei heilt ny låneordning for dei som vil ta korte og fleksible studiar medan dei jobbar. Målet er at fleire skal få råd til å studera ved sida av jobb. Først må ei lovendring på plass, og lovforslaget blir lagt fram i dag.

– Vi må legga til rette for læring gjennom heile livet, same kvar i landet du bur og uavhengig av om arbeidsgivaren din finansierer eller ikkje. Kompetansebehova i arbeidslivet kan ikkje berre dekkast av nye folk – folk i arbeid må også oppdatera kompetansen sin, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.

Dagens utdanningsstøtteordning i Lånekassen er tilrettelagt for dei som tek utdanning på heiltid eller deltid som varer i minst eitt semester. Det nye lånet skal givast ved kortare utdanningar, også dei som er kortare enn eitt semester. Ein skal ikkje vera bunden til månadlege utbetalingar, men kan velja utbetalingsfrekvens sjølv.

Målgruppa for den nye låneordninga er arbeidstakarar som vil ta utdanning som arbeidsgivar ikkje dekker.

– I dag gir ikkje korte vidareutdanningar rett til utdanningsstøtte frå Lånekassen. For mange er økonomi ei stor hindring for å ta vidareutdanning og investera i eigen kompetanse. Det skal vi no gjera noko med. Eg håpar å ha ei ny låneordning på plass allereie i 2025, seier Hoel.

Nytt lovforslag om renter

I dag legg Kunnskapsdepartementet fram ein ny lovproposisjon med forslag til endringar i utdanningsstøttelova som grunnlag for den nye låneordninga. Lovendringa inneber at det kan reknast rente frå dag éin for særlege ordningar, dersom dette er fastsett av Stortinget. Låneordninga for vaksne i arbeid skal ha rente frå dag ein, men han vil vera skilt frå den ordinære utdanningsstøtteordninga vanlege studentar bruker.

– Lån frå Lånekassen skal framleis vera rentefritt i studietida for alle vanlege studentar i bachelor- og mastergrad og høgare yrkesfagleg utdanning. Det er eit viktig prinsipp, seier Hoel.

Forslaget inneber:

  • Kunnskapsdepartementet foreslår at det for særlege ordningar kan reknast renter av utdanningslån under utdanninga dersom dette er fastsett av Stortinget.
  • Hovudregelen i utdanningsstøttelova om rentefritt lån blir ikkje foreslått endra. For elevar og studentar som får lån under den ordinære utdanningsstøtteordninga er det ikkje aktuelt at lova opnar for rentebelastning frå eit tidlegare tidspunkt.