– Når hjørnesteinsbedrifter som dette vert lagt ned, er det dramatisk og alvorleg både for lokalsamfunn, familiar og den einskilde. Regjeringa ønsker å bidra til at dei som nå står utan jobb, framleis ser ei framtid i kommunen, seier Sande.   

I tilfelle der ei hjørnesteinsbedrift forsvinn, vil kommunen på kort tid ha mange utan arbeid. Då er det viktig for kommunen å komme raskt i gang med å finne alternative jobbmoglegheiter til desse. Regjeringa har difor foreslått 4 millionar kroner til Nordland fylkeskommune allereie i nysalderinga av statsbudsjettet for 2023.  

- Regjeringa har lagt vekt på å respondere raskt. Med desse pengane kan Hemnes starte arbeidet med ein gang, seier Sande vidare.  

Hemnes kommune har allereie eit mindre omstillingsprogram gåande i kommunen. Med dei nye midlane vil kommunen kunne oppskalere det eksisterande programmet til å møte den utfordrande situasjonen.  

– Vi er kjend med at kommunen arbeider med ein søknad om ekstraordinær statleg omstilling. Den søknaden må me handsama når den kjem. Forslaget til løyving i dag er midlar til fylkeskommunen for raskt å komme i gang med eit omstillingsarbeid for å handtere situasjonen. 

Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00 

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no