Statsbudsjettet 2027
Regjeringa vil løyve 16,4 milliardar kroner til Noregspris og straumstønad
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Energidepartementet
I statsbudsjettet for 2027 anslår regjeringa at Noregspris og straumstønadsordninga til saman vil koste i underkant av 16,4 milliardar kroner. Samtidig foreslår regjeringa å justere nivået på Noregspris til 45 øre per kilowattime ekskl. mva.
– For å tryggje folk i møte med svingande og tidvis svært høge kraftprisar innførte regjeringa i oktober 2025 Noregspris på straum og fjernvarme, heime og på hytta. Utviklinga i 2026 viser at Noregspris har vore viktig. Det har gitt folk tryggleik i møte med høge kraftprisar. Det skal me ikkje rokke ved, seier energiminister Terje Aasland.
I slutten av september var det gjort i underkant av 1,9 millionar bestillingar av Noregspris for straum. Om lag 78 prosent av hushalda og 83 prosent av hyttene i Sørvest-Noreg (NO2) har teikna Noregspris. Det viser at Noregspris er godt tatt imot der straumprisane har vore høgast.
– At så mange har teikna avtale om Noregspris viser at det er behov for å gi folk tryggleik for lommeboka. Derfor held me framleis Noregspris på eit lågt og føreseieleg nivå, seier Aasland.
Foreslår å justere Noregspris frå 40 til 45 øre
For 2027 foreslår regjeringa å justere Noregspris til 45 øre per kilowattime ekskl. mva. Forslaget er fastsett med utgangspunkt i dei historiske prisane før energikrisa. Samtidig har kraftprisane blitt høgare enn det som blei lagt til grunn då forslaget om Noregspris blei lagt fram i januar 2025, og prisbiletet framover tilseier at dette også vil vere situasjonen i 2027. På dette grunnlaget legg regjeringa til grunn at Noregsprisen for 2027 bør aukast meir enn den generelle prisveksten.
Omsynet til at hushalda over tid skal ha meir stabile utgifter, tilseier samtidig at endringane i Noregsprisen ikkje bør vere for store. Regjeringa meiner at ei endring på 5 øre per kilowattime ivaretek dette omsynet, og at ein Noregspris på 45 øre framleis sikrar føreseielege utgifter for hushalda i ein situasjon med høgare og meir svingande kraftprisar. Ei maksimal årleg endring på 5 øre er på nivå med ei typisk årleg historisk prisendring i åra før energikrisa.
Berekningar viser at eit typisk hushald i Sør-Noreg kan spare om lag 8 700 kroner med Noregspris neste år. Det er då lagt til grunn eit årleg forbruk på 16 000 kilowattimar, og samanlikna med anslått spotpris i NO2.
Justering i straumstønadsordninga
Straumstønadsordninga blir foreslått forlenga med ein terskel på 79 øre per kilowattime ekskl. mva. Når spotprisen i enkelttimar er høgare enn dette, vil straumstønaden dekke 90 prosent av prisen over dette nivået.
Dei som ikkje vel Noregspris heime, vil framleis få straumstønad.
Detaljar om forslaget
Regjeringa foreslår å løyve 12 milliardar kroner til Noregspris for straum, og i underkant av 3,5 milliardar kroner til straumstønadsordninga for straum. Anslaga er baserte på forventningar til kraftprisen framover (terminprisar per juli 2026), og kor mange som hadde valt Noregspris og straumstønadsordninga per juni 2026.
Samtidig foreslår regjeringa å løyve 760 millionar kroner til Noregspris for fjernvarme og 100 millionar kroner til straumstønad for fjernvarme. Løyvinga dekker netto utbetaling av prissikringsbeløp til fjernvarmekundar i hushalda i perioden frå desember 2026 til november 2027.
Det er stor usikkerheit om kostnadsanslaga. Dei faktiske utgiftene til staten avheng av faktiske kraftprisar og forbruket i hushalda, og dessutan kor mange hushald som vel Noregspris eller straumstønad.