Regulering av fisket etter kolmule i 2024

I kyststatsforhandlingane om kolmule tidlegare i haust vart det semje om å fastsetje ein totalkvote (TAC) på 1 529 754 tonn kolmule i 2024. Dette er i tråd med Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) sitt råd.

- Noreg har forheldt seg til ein norsk tradisjonell del av totalkvoten for kolmule sidan 2016. Det forheld vi oss til også i 2024, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth.

Den norske tradisjonelle delen er på 26,245 prosent av totalkvoten, som svarer til 390 904 tonn kolmule i 2024. Av norsk totalkvote er det vedteke å avsetje 30 tonn til forskings- og undervisingsformål.

Noreg har i fiskeriforhandlingane i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen byttet 26 628 tonn kolmule til Russland i 2024. Etter fiskeriavtalen som Noreg har inngått med Færøyane i 2023, kan norske fartøy fiske 53 600 tonn kolmule i færøysk farvatn i 2024.

- Reguleringa av kolmule har fungert godt i dei seinare åra. Den norske kolmulekvoten blir fordelt på same måte som tidlegare år, med 78 prosent til kolmuletrålgruppa og 22 prosent til pelagisk trål/nordsjøtrål-gruppa. Det vil gi ei stabil og føreseieleg regulering av fiske etter kolmule også i 2024, seier Myrseth.