- Vi meiner reguleringsopplegget for nvg-sild fungerer godt, og reguleringa for 2026 er derfor i hovudsak ei vidareføring av årets regulering, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Av den norske kvoten er det sett av 200 tonn til rekrutteringskvotebonusordninga i open gruppe, 332 tonn til den tidlegare rekrutteringsordninga i lukka gruppe, 750 tonn til agnkvotar, 890 tonn til forskings- og undervisningskvotar, og 2000 tonn til open gruppe.

Kvoten blir fordelte gruppene etter Sildestigen, som inneber at fordelinga mellom dei ulike fartøygruppene kyst, trål og ringnot varierer med storleiken på den norske kvota. Avsetninga til open gruppe blir teken frå gruppekvoten til kystfartøya.

Gjeldande fordelingsnøkkel for tildeling av fartøykvotar for ringnotfartøy og trålfartøy blir vidareført. Også i 2026 vil kystfartøy under 15 meter i lukka gruppe regulerast utan overregulering. Fisket i 2026 vil som i år bli regulert med ein kvotefleksibilitet på fartøynivå på inntil 10 prosent utover kvota.