Revidert nasjonalbudsjett

Rehabilitering av Den Nationale Scene i Bergen og Ole Bulls villa Lysøen i Bjørnafjorden

Regjeringa foreslår at staten skal stå for oppgradering av Den Nationale Scene og Lysøen. Begge er særeigne og kulturhistorisk viktige bygningar i aktiv bruk.

– Dei to praktfulle bygningane Lysøen og Den Nationale Scene er viktige for heile nasjonen. Og begge er framleis levande kulturarenaer. Då vert det sjølvsagt at vi tek godt vare på desse kulturminna, og ser til at dei òg kan vere til glede for komande generasjonar, seier kulturminister Abid Raja.

Den Nationale Scene i Bergen har i mange år hatt utfordringar med å drive moderne teater og scenekunst i ei bygning som vart oppført i ei anna tid.

Handlingsrommet for utvidingar og endringar er avgrensa og fordyra av at både bygget og parken rundt er freda. Løysinga har vorte å flytte nokre funksjonar til andre lokasjonar. Med det prioriterer ein kunstnarleg utvikling i eksisterande lokale og betre lokale for publikum og tilsette.

Rehabiliteringa vil krevje at staten fullfinansierer prosjektet ved å gå inn med ei løyving i 2021 på 40 millionar kroner, og med ei tilsegnsfullmakt på 568,4 millionar i seinare budsjettår.

I 2020 fekk den verdskjende fiolinisten Ole Bulls villa Lysøen i Bjørnafjorden dokumentert eit vedlikehaldsetterslep som førte til at staten gjekk inn med ei løyving på 14,5 millionar kroner i 2021-budsjettet.

Ein ny tilstandsanalyse syner diverre at behovet er større, og difor foreslår regjeringa å auke tilskotet med 10 millionar kroner i 2021. I tillegg kjem ei tilsegnsfullmakt på 15 millionar kroner til seinare budsjettår. Det samla statlege bidraget til rehabiliteringa av Lysøen blir med det på 39,5 millionar kroner.