Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

Rekordstor satsing på Enova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 3,3 milliardar kroner til Enova. Det er meir enn nokon gong og ein auke på 1,6 milliardar kroner sidan 2013.

- Regjeringa legg til rette for større aktivitet og fleire gode prosjekt frå Enova enn nokon gang. Vi har ambisiøse mål i klimapolitikken og skal på kort tid omstille oss til eit lågutsleppsamfunn. Enova er eit viktig verkemiddel i denne omstillinga. I neste avtale vil vi difor spisse Enova som klimaverkemiddel, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). 
 
Løyvinga til Enova blei auka med 2 milliardar kroner i 2020 for å styrke satsinga på teknologiutvikling i industrien og medverke til grøn omstilling på veg ut av krisa. 

Vi må redusere dei ikkje-kvotepliktige klimagassutsleppa våre betydeleg dei neste åra og fram mot 2030. For å redusere utsleppa våre og greie omstillinga til lågutsleppsamfunnet, utan vesentleg reduksjon av velstand, er vi òg avhengige av teknologiutvikling og innovasjon i alle sektorar. Ei effektiv innretting av Enova inneber difor god balanse mellom utsleppsreduksjonar på kortare sikt og teknologiutvikling som gjer det mogleg å kutte utslepp på lengre sikt. 

Energi er framleis viktig 

Det er ei tett kopling mellom utsleppsreduksjonar og energisystem. For å nå klimamåla våre og greie omstillinga til lågutsleppsamfunnet krevst det omfattande elektrifisering, ikkje minst i transportsektoren. Eit fleksibelt energisystem er viktig for å gjere det mogleg med raske og effektive utsleppskutt og omstilling til lågutsleppsamfunnet. Enova vil også i neste avtaleperiode spele ei viktig rolle her. 

Styring av Enova 

Departementet styrer Enova på eit overordna nivå, i hovudsak gjennom fireårige styringsavtalar. Innanfor rammene av avtalen er det opp til Enova å utforme program, prioritere mellom område og tildele støtte til enkeltprosjekt. Enova skal rette innsatsen mot område kor det er størst moglegheit for å påverke utviklinga.  

Regjeringa legg opp til ein ny avtale med Enova som byggjer på dei gode erfaringane frå tidlegare avtalar, og som dreg nytte av Enova sin faglege kompetanse og erfaring med verkemiddelutforming.