Rekruttering av økologiske produsentar viktig for å nå målet om auka økologisk produksjon
Nyheit | Dato: 23.03.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen leidde måndag 23. mars møte i Nasjonal ressursgruppe for økologisk jordbruk. Aktørane som har skrive under på intensjonsavtala for å fremje økologisk mat og jordbruk deltok på møtet.
Hovudtemaet for møtet var rekruttering til økologisk produksjon i Noreg, og korleis ein kan auke antalet produsentar som driv økologisk produksjon.
– For å nå målet om at 10 prosent av landbruksarealet skal vere økologisk innan 2032, er det naudsynt å få fleire økobønder. Me må både jobbe for at fleire bønder legg om til økologisk drift, og at dei som allereie driv økologisk, held fram med økologisk drift og aukar sitt økologiske areal, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.
På møtet orienterte Norsk Landbruksrådgiving om korleis dei jobbar for å få fleire økologiske produsentar, og for å behalde dei produsentane som allereie driv økologisk. Sentralt i dette arbeidet er god rådgjeving og å skape eit godt miljø for økologiske produsentar. Naturbruksskolenes forening informerte om korleis dei jobbar for å få informasjon om økologisk drift ut til naturbruksskulane på vidaregåande nivå. Dei har både digitale møter for lærarar og andre ressursar på skulane, og fysiske besøksdagar hos økologiske bønder og på einskilde naturbruksskular.
– Intensjonsavtalen er eit viktig fundament for arbeidet med å nå økomålet. Me skal saman jobbe for nå det. Det er positivt å sjå at arbeidet allereie er godt i gang. Eg gleder meg til prosessen vidare, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.
Intensjonsavtale for å fremme økologisk mat og jordbruk inneheld forpliktingar frå staten og ei rekkje aktørar for å nå målet om 10 prosent økologisk jordbruksareal i Noreg innan 2032, og at etterspurnaden etter økologisk mat og drikke skal auke. Nasjonal ressursgruppe er ein møtearena der sentrale aktørar i heile verdikjeda for økologisk produksjon møtest. Arenaen skal bidra til å sikre framgang med nasjonal strategi og med tensjonsavtalen.