Rådet for rettferdig omstilling vart oppretta i 2022 og består av LO, YS, Unio og Akademikerne frå arbeidstakarsida og NHO, KS, Virke og Spekter frå arbeidsgivarsida. Rådet er ei plattform for å løfte dilemma og vegval med partane, og få verdifulle innspel til arbeidet til regjeringa.

I møtet fekk Rådet presentert det førebelse arbeidet til det regjeringsutnemnde ekspertutvalet som skal sjå på samfunnsøkonomiske konsekvensar av klimaendringar og av klimatilpassing. Dei fekk også presentert EUs Ren industriplan, og det nasjonale arbeidet tilknytt denne. Medlemmene tok med seg arbeidet til ekspertutvalet inn i diskusjonen, der klimaendringar og klimatilpassing er inngangen heller enn utsleppskutt. Dette vart diskutert og løfta som eit nyttig perspektiv. Rådet diskuterte også moglege barrierar for klimatilpassing i arbeidslivet. Vidare drøfta Rådet mellom anna korleis innhaldet i EUs Ren industriplan er nyttig i norsk samanheng, og at det er viktig å unngå negative sosiale konsekvensar av nye regelverk.

– Det er viktig at vi jobbar godt med både klimatilpassing og klimapolitikk for å kutte utslepp, skape jobbar og sikre at vi kan oppretthalde gode lokalsamfunn i heile landet. Det er ikkje anten-eller: vi kan kutte utslepp, ha eit produktivt næringsliv og meiningsfulle jobbar samtidig. Og vi må sikre at desse jobbane er trygge, organiserte og tilgjengelege. Det er eg trygg på at vi kjem til å få til, mellom anna fordi vi har mange gode arenaer for samarbeid og omstilling, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i møtet.

Medlemmene av Rådet takka for eit godt møte og gode innlegg. Dei la vekt på at slike arenaer for trepartsdialog må nyttast for å gi innspel tidleg i politiske prosessar og at det er nyttig med faglege diskusjonar om omstilling av arbeidslivet.

Les oppsummeringa av møtet i Rådet for rettferdig omstilling