Historisk arkiv

Riksmeklaren held fram i tre nye år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Kongen i statsråd har i dag oppnemnd sorenskrivar Nils Dalseide som riksmeklar for tre nye år, frå 1. september 2016 til 31. august 2019. Samstundes vart tolv særskilde meklarar oppnemnde for perioden 1. mars 2016 til 28. februar 2018.

Nils Dalseide er sorenskrivar i Sør-Østerdal tingrett. Han har vore meklar sidan 2004, og tok over som riksmeklar i 2013.

Dei som er oppnemnde som særskilde meklarar, er:

Lagdommar Bjørn Lillebergen, Bergen,
lagdommar Carl Petter Martinsen, Bergen,
lagdommar Kine Steinsvik, Oslo,
lagdommar Monica Nylund Hansen, Tromsø,
kst. lagdommar Mats Wilhelm Ruland, Oslo,
sorenskrivar Geir Engebretsen, Bærum,
tingrettsdommar Richard Saue, Stavanger,
tingsrettdommar Ola Berg Lande, Oslo,
advokat Elisabeth Stenwig, Oslo,
advokat Adele Matheson Mestad, Oslo,
professor Nils-Henrik von der Fehr, Hurdal og
direktør Anne Cathrine Frøstrup, Ringerike.

Meklarkorpset bidrar til at ein unngår at partane må vente for lenge på å kome i mekling hos Riksmeklaren.