Stortinget bad regjeringa sikre ein takstreduksjon på 33 prosent i ein avgrensa periode frå 1. juli 2025 til 31. desember 2026. Stortinget ville òg ha ei vurdering av effekten på trafikken og innteninga, for å sjå om det ekstraordinære statlege tilskotet skulle førast vidare etter 2026. 

Statens vegvesen har i tråd med dette vurdert effektane av ordninga. Dei rår til at ordninga ikkje vert førd vidare. Det ekstraordinære tilskotet har hatt ein kostnad på 204 millionar kroner, medan trafikkauken berre har gitt prosjektet om lag 15 millionar kroner i auka inntekter.

Det ekstraordinære statlege tilskotet kom i tillegg til den opphavelege tilskotsordninga for reduserte bompengar utanfor byområda. Ryfast har sidan opninga fått tilskot gjennom denne ordninga kvart år, og dette held fram. Dette statlege bidraget gjer takstane om lag 10 prosent lågare enn utan denne ordninga. I 2027 kjem det om lag 54 millionar kronar i tilskot til prosjektet frå staten.

– I tider med tøffare prioriteringar og trongare økonomisk handlingsrom må vi prioritere samferdselspengane der dei gir mest mogleg effekt. Vi må ha sunn finansiering i prosjektet, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.

Bakgrunn 

Ryfast vart  i 2012 lagt fram for Stortinget, etter lokalt ønskje om ferjefritt vegsamband mellom Nord-Jæren og Ryfylke. For å setje fart på bygginga vedtok Stortinget at Ryfast skulle betalast med ein stor del bompengar og med lokale tilskot. Rogaland fylkeskommune og Stavanger kommune har stilt garanti for bompengelånet. Innkrevjinga starta opp i 2021.