Statsbudsjettet 2027:
Ryddar opp i reglane for grunnstønad
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Talet på personar under 18 år som har fått pengestøtte for ADHD med hyperaktivitet, har blitt nesten femti gonger så høgt sidan 2019. No gjeninnfører regjeringa krava for å få støtte som gjaldt før 2019. Samtidig blir støtta til unge vaksne med cøliaki justert ned.
– Regjeringa ønskjer å rydde opp slik at stønadene samsvarar betre med meirutgiftene folk faktisk har, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Grunnstønad er kompensasjon for nødvendige ekstrautgifter som følgje av sjukdom eller liknande. For å få grunnstønad må desse ekstrautgiftene som hovudregel dokumenterast.
Frå 500 til 24 600 mottakarar
Sidan 2019 har personar med ADHD med hyperaktivitet fått kompensasjon for ekstrautgifter til klede, sengetøy og liknande som vert utsett for slitasje, utan å måtte dokumentere utgiftene. Før 2019 var det om lag 500 personar under 18 år som mottok grunnstønad for ADHD med hyperaktivitet. I juni 2026 hadde talet auka til 24 600.
– Det er tydeleg at endringa i 2019 ikkje har verka slik ein forventa då ho blei innført. Forenklinga med å fjerne dokumentasjonskravet står ikkje i eit rimeleg forhold til dei store kostnadene ho har ført med seg, seier Stenseng.
Fjernar unntaksregel
Regjeringa vil fjerne unntaksregelen om at denne gruppa ikkje treng å dokumentere ekstrautgiftene sine. Reglane blir dermed igjen dei same som for dei fleste andre som mottek grunnstønad.
For personar over 18 år blei det tilsvarande dokumentasjonskravet gjeninnført i 2023. Sidan då er det få nye personar over 18 år som har fått grunnstønad for ADHD med hyperaktivitet. Men dei som fekk stønaden innvilga før 2023, har i liten grad blitt bedne om å sende inn dokumentasjon. No foreslår regjeringa at også dei må sende inn dokumentasjon for å motta stønaden.
Endra sats ved cøliaki
Regjeringa har også vurdert nivået på stønaden til personar med cøliaki og foreslår at alle over 18 år med cøliaki framover får om lag 750 kroner i månaden i stønad. Dei som dokumenterer høgare meirutgifter, vil framleis kunne få høgare stønad. Stønaden for barn blir ikkje endra.
– Dei som treng grunnstønad og dokumenterer meirutgiftene, både når det gjeld ADHD og cøliaki, vil framleis få stønad på same nivå som før, seier statsråden.
Fakta om forslaget frå regjeringa:
- Personar under 18 år med ADHD med hyperaktivitet må frå 1. mars 2027 sende inn dokumentasjon på nødvendige meirutgifter for framleis å få stønad
- For personar over 18 år med ADHD med hyperaktivitet blei det tilsvarande dokumentasjonskravet gjeninnført i 2023. Mange av dei som fekk stønaden innvilga i 2019–2023, har likevel ikkje trengt å dokumentere utgiftene i etterkant. Dei må no gjere dette for å motta stønad etter 1. mars 2027
- Personar mellom 18 og 30 år med cøliaki blir frå 1. januar 2027 flytta frå sats 2 til sats 1 for grunnstønad. Det er den same satsen som dei over 30 år har i dag. Barn skal framleis få sats 2
- Dei som treng grunnstønad og dokumenterer meirutgiftene, både når det gjeld ADHD og cøliaki, vil framleis få stønad på same nivå som før