Saman mot arbeidslivskriminalitet

– Kampen mot arbeidslivskriminalitet har høg prioritet i regjeringa, sa arbeids- og sosialministeren då han gjesta Næringsforeningen i Trondheimsregionen 10. desember.

Bilde av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (i midten) og Ingvill Kvernmo, direktør i Håndverkerforeningen i Trondheim (t.v.) og Berit Rian, adm. direktør i Næringsforeningen i Trondheimsregionen (t.h.).
Ingvill Kvernmo, direktør i Håndverkerforeningen i Trondheim (t.v.), arbeids- og sosialminister Robert Eriksson og Berit Rian, adm. direktør i Næringsforeningen i Trondheimsregionen (t.h.). Foto: Hege Forbord/ASD

Hovudbodskapen frå regjeringa er at det skal bli enklare å drive seriøst, og vanskelegare å vere kjeltring. 

– Vi kan aldri seie at vi gjer nok, eller at vi er på forskot. Men vi kan minske avstanden, og ta kjeltringane raskare, seier statsråden.

Regjeringa samarbeider tett med partane i arbeidslivet i kampen mot arbeidslivskriminalitet, og vil vidareutvikle det gode samarbeidet mellom Arbeidstilsynet, skatteetaten, politiet og NAV for å bli enda meir slagkraftige. Neste år blir det oppretta to nye samlokaliserte einingar der etatane skal samarbeide for å kjempe mot arbeidslivskriminalitet.