Presseinvitasjon
Ny sambuarlov? Sambuarlovutvalet leverer si utgreiing til justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen
Nyheit | Dato: 21.05.2025 | Justis- og beredskapsdepartementet
Sambuarlovutvalet har sett på behovet for ei rettsleg regulering av sambuarar sine økonomiske plikter og rettar undervegs i sambuarskapet, og ved samlivsbrot. Fredag 23. mai overleverer leiar av utvalet, Katrine Kjærheim Fredwall, utgreiinga til justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen.
Trengs det nye reglar om dei økonomiske forholda mellom sambuarar, og korleis bør dei i tilfelle vere? Dette er spørsmål som sambuarlovutvalet har sett på dei siste to åra. Utvalet har står fritt til å foreslå ulike løysingar, som for eksempel ei eiga sambuarlov, eller ytterlegare regulering i eksisterande lover. Den einaste føringa har vore at det skal vere mogleg for sambuarar å avgjere sjølv om dei vil vere omfatta av reglane eller ordne seg på andre måtar, altså skal reglane som eventuelt blir foreslått vere fråvikelege.
Utgreiinga og utvalet sine anbefalingar blir presentert for justis- og beredskapsministeren fredag 23. mai.
Tid: Fredag 23. mai 2025, klokka 12.30.
Stad: Regjeringas representasjonsbustad, Riddervoldsgate 2
Registrering: Dørene opnar kl. 12:15. Hugs pressekort og gyldig ID (pass, nasjonalt id-kort eller førarkort (ikkje digitalt)).
Pressekontakt og påmelding:
Pressekontakt: kommunikasjonsrådgjevar Merete Romestrand, telefon: 476 21 362, e-post: Merete.Romestrand@jd.dep.no
Påmelding innan kl. 16.00 torsdag 22.mai.
Pressekonferansen er for medlem av pressa.
Strøyming
Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa(DIO) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.