Utval skal vurdere ei mogleg ny sambuarlov

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa har i dag utnemnt eit offentleg utval som skal greie ut behovet for regulering av dei økonomiske forholda mellom sambuarar.

Utvalet er utnemnt for å følgje opp eit einstemmig oppmodingsvedtak frå Stortinget, som har bedd regjeringa greie ut ei fråvikeleg sambuarlov. Utvalet skal ta stilling til behovet for, og utforming av, nye reglar. 

Å vere sambuarar er ei fleksibel samlivsform som kan tilpassast ulike behov og forventningar til eit samliv. Ikkje minst gjeld dette for par som ønskjer mindre grad av rettslege eller økonomiske forpliktingar enn det som følgjer av å inngå ekteskap.

– Det at det gjeld få reglar for dei økonomiske forholda mellom sambuarar, kan medføra både fordelar og ulemper. Ofte ser ein at den økonomisk svakare parten i forholdet, som gjerne er ei kvinne, kjem uventa dårleg ut økonomisk når sambuarane går frå kvarandre. Slik kan sambuarskapet bidra til utfordringar for likestillinga, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.

Meir enn halvparten av alle barn blir i dag fødde av ei ugift, men ofte sambuande, mor. Difor er omsynet til barna òg viktig når ein vurderer å regulere dei økonomiske forholda mellom sambuarar. Både i barneretten og i velferdsretten har omsynet til barna allereie gitt lovfesting av rettar og pliktar for foreldre som er sambuarar.

Utvalet skal greie ut behovet for ei rettsleg regulering av sambuarar sine økonomiske plikter og rettar undervegs i sambuarskapet, og ved samlivsbrot. Utvalet står fritt til å foreslå ulike løysingar, som ei eiga sambuarlov, eller ytterlegare regulering i eksisterande lover. Uansett kva slags reglar utvalet foreslår, skal det vere mogleg for sambuarar å gjere unnatak frå reglane, altså skal reglane vere fråvikelege.

Dei tre som skal sitte i utvalet er alle juristar med brei erfaring innan familie- og formuerett.

–  Utvalet har medlemmar med både praktisk og akademisk kompetanse. Dei tre kjem frå ulike landsdelar og har forskjellig bakgrunn, og har gode forutsetningar for å løyse oppdraget, seier justis- og beredskapsministeren.

Det går fram av mandatet til utvalet at forslaga skal tilpassast eigenarten til sambuarskapet. Utvalet kan foreslå ulike reglar for ulike grupper sambuarar, til dømes avhengig av om partane har barn eller ikkje.

Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. mai 2025.

Utvalet består av:

Leiar:

  • Førsteamanuensis Katrine Kjærheim Fredwall, Nesodden

Medlemmer:

  • Advokat Anders Lorvik Navjord, Narvik
  • Professor Asbjørn Strandbakken, Bergen