Historisk arkiv

Samferdselsministeren fekk i dag rapporten frå ekspertutvalet for teknologi og framtidas transportinfrastruktur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Ny teknologi vil vere ein del av løysinga på mange av utfordringane i transportsektoren. Det uavhengige ekspertutvalet har lagt fram ein rapport med innspel som eg tar med meg vidare. Vi har mellom anna fått råd om korleis vi bør arbeide med neste Nasjonal transportplan, slik at vi kan få endå betre løysingar og auke lønnsemda for samfunnet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Bildet: Fra venstre: Bernt Reitan Jenssen, Mariam Kaynia, John-Mikal Størdal, statsråd Jon Georg Dale, Niels Buus Kristensen, Gro Holdt Volden og Toril Nag. Foto: Kjell Brataas/SD.

Dale tok i dag imot rapporten frå det uavhengige ekspertutvalet som regjeringa sette ned for eitt år sidan. Bakgrunnen er den raske og omfattande teknologiutviklinga som skjer i transportsektoren, ikkje minst i form av digitale løysingar og overgang frå fossilt drivstoff til nye energiløysingar. Utvalet vart bedne om å gje konkrete tilrådingar om korleis neste Nasjonal transportplan kan legge til rette for at teknologi blir sett i arbeid ein måte som tener samfunnet best mogleg.

Leiar for utvalet John-Mikal Størdal seier i samband med at han overrekte rapporten til samferdselsministeren at utvalet kjem med ei gladmelding – og ei åtvaring:

- Den gode nyheita er at ny teknologi kan gje oss effektive transportløysingar som både er billigare og meir miljøvennlege enn i dag. Men rapporten er også ei kraftig åtvaring om at samfunnet risikerer å kaste bort milliardar på forelda transportsystem dersom vi ikkje heng med på den teknologiske utviklinga. Difor foreslår vi ei rekke tiltak som vil bidra til at myndigheitene kan bruke teknologiske framsteg til beste for samfunnet, seier Størdal.          

Rapporten vert no sendt på høyring fram til 1. oktober.

- Eg ser fram til eit godt ordskifte rundt rapporten. Satsinga på samferdsel er rekordhøg. Det er difor mykje å vinne på å finne kostnadseffektive løysingar som tener folk og næringsliv godt. Framtidas velferd må bygge på framtidas verdiskaping. Utan rask og trygg transport til marknaden får vi ikkje teke heile Noreg i bruk. Vi veit også at transportsektoren må levere ein stor del av klima-løysingane Noreg har forplikta seg til, og teknologi er avgjerande for at vi kjem i mål, seier Dale.

Medlemer i ekspertutvalet

  • John-Mikal Størdal, utvalsleiar (adm. direktør, FFI)
  • Alexandra Bech Gjørv (konsernsjef, SINTEF)
  • Niels Buus Kristensen (forskingsleiar ,TØI)
  • Toril Nag (konserndirektør, Lyse)
  • Bernt Reitan Jenssen (adm. direktør, Ruter)
  • Mariam Kaynia (associate partner, McKinsey & Company)
  • Gro Holst Volden (forskingssjef, Concept/NTNU)

Les rapporten og ta del i høyringa

"Teknologi for bærekraftig bevegelsesfrihet og mobilitet" (pdf)

Høyring

Les også: Meir om utvalet