Utvidar nasjonal bibliotekstrategi:

Satsar meir på biblioteka

– Biblioteka gjer ein kjempejobb for å vekkje leselyst og nå ut til folk. Vi vil styrke dei i det viktige arbeidet dei gjer, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.  Kultur- og likestillingsdepartementet utvidar no den nasjonale bibliotekstrategien, og styrker arbeidet for lesestimulering og tilgjengelege digitale tenester i biblioteka.

Kultur- og likestillingsdepartementet utvidar nasjonal bibliotekstrategi.

I samanheng med dette vert tildelinga av prosjekt- og utviklingsmidlar til bibliotekfeltet auka med 5 millionar kroner. Midlane skal gå til lesestimuleringstiltak i biblioteka, og vil lysast ut av Nasjonalbiblioteket.  

I 2023 er totalt 54,7 millionar kroner av spelemiddeloverskotet frå Norsk Tipping fordelt til bibliotektiltak. 

– Litteratur og lesing er enormt viktig for deltaking i samfunnet og for demokratiet vårt, men òg for kvar og ein av oss. Som eit opent og gratis tilbod for alle, har biblioteka våre ein heilt unik moglegheit til å spreie leseglede hos barn, unge og vaksne i heile Noreg. Difor er det så viktig for oss å fortsette å styrke biblioteka, seier kultur- og likestillingsministeren. 

Biblioteka skal bli betre digitalt 

Nytt i strategien er óg at Nasjonalbiblioteket skal samarbeide med biblioteka for å betre tilgangen på digitalt innhald, som aviser, tidsskrift, film og e-bøker.   

Folkebibliotek rundt i landet opererer i dag med ulike nettsider og apper, og tilbyr ulikt digitalt innhald. Dette fører til skilnadar for brukarane. Strategien legg opp til at Nasjonalbiblioteket saman med biblioteka skal arbeide saman for å finne fram til betre løysningar slik at folk i heile landet kan få tilgang til eit større og likare bibliotektilbod. 

- Gjennom biblioteket skal alle ha tilgang til eit stort og variert innhald både av fysisk og digitalt materiale. Innhaldet skal formidlast til brukarane i brukarvenlege digitale system. Dette er målet for satsinga på felles digital infrastruktur, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.  

Den utvida bibliotekstrategien skal gjelde ut 2025. Det er Nasjonalbiblioteket som følger opp tiltaka i strategien. Utvidinga må sjåast i samanheng med regjeringas kommande leselyststrategi for å auke leselyst og bygge god lesekultur. Denne strategien kjem i 2024.