Statsbudsjettet 2017:

Satsinga på samferdsel held fram

- Samferdselssektoren blir igjen prioritert. Auken i samferdselsbudsjettet styrkjer konkurranseevna til næringslivet og knyter regionane tettare saman. Satsing på vedlikehald og fornying av veg, kyst og jernbane gir ein meir føreseieleg og tryggare reisekvardag. Vi styrkjer kollektivtransporten i byområda for å gi spesielt pendlarane betre alternativ og for å forbetre bymiljøet. Vi skal få til det grøne skiftet gjennom auka mobilitet og ein betre reisekvardag, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Samferdselssatsinga har auka kraftig under denne regjeringa, spesielt på veg, jernbane og kollektivtransport i byane. Sidan regjeringsskiftet i 2013 har samferdselsbudsjettet auka med over 50 prosent, det vil seie med over 20 milliardar kroner. For første gong på fleire tiår har vedlikehaldsetterslepet på veg og bane blitt redusert, og vi vil halde fram med å prioritere fornying av infrastrukturen. Prosjekt som i tiår berre har vore påtenkte, blir no starta opp. Vi gjennomfører òg viktige reformer, slik at vi får bygd nye vegar raskare og styrt jernbanesektoren betre, seier samferdselsministeren

Regjeringa foreslår å løyve 62,4 milliardar kroner til samferdsel i 2017. Dette er ein auke på 4,4 prosent frå vedtatt budsjett 2016. Budsjettforslaget for 2017 fører til ei overoppfylling av den økonomiske ramma for dei fire første åra i Nasjonal transportplan 2014-2023 på i underkant av 9 milliardar kroner eller 4,5 prosent. Det er rundt 60 milliardar kroner meir enn i perioden 2010-2013.

Veg – vedlikehaldsetterslepet blir redusert 
Til veg foreslår regjeringa å setje av 33 milliardar kroner, ein auke på vel 7 prosent frå vedtatt budsjett 2016 og heile 26 prosent høgare enn 2015. Forslaget omfattar 29,9 milliardar kroner til Statens vegvesen, 3,1 milliardar kroner til Nye Veier AS og om lag 20 millionar kroner til drift av Statens vegtilsyn, som blir skilt ut som eigen etat i 2017.

Etter tiår med aukande vedlikehaldsetterslepet på riksvegane har det blitt stansa og redusert dei siste åra. På same måte som i 2016 vil fornying av tunnelar bli spesielt prioritert. Midlane som er sette av til vedlikehald og fornying i 2017 vil redusere etterslepet på riksvegnettet med 1,6 milliardar kroner.  

- På same måte som i fjor set vi av ekstra midlar til å auke aktiviteten på Sør- og Vestlandet. Regjeringa går inn for å løyve 400 millionar kroner ekstra til fylka frå Aust-Agder til Møre og Romsdal . Midlane skal gå til mindre prosjekt med rask anleggsstart og som i dei fleste tilfella blir utførte av lokale entreprenørar. Vedlikehald og gang- og sykkelvegprosjekt er hovudtiltaka, seier samferdselsministeren.

Dei statlege midlane til store vegprosjekt i 2017 vil i hovudsak bli brukte til å følgje opp vedtekne riksvegprosjekt. Det er lagt til grunn statlege midlar som gir rom for anleggsstart på fleire nye, store riksvegprosjekt:

  • E39 Rogfast
  • E39 Bjørset–Skei
  • E16 Bjørum–Skaret
  • Rv 13 Vik – Vangsnes
  • E6 Tana bru (oktober 2016)

Midlane som er sette av til Nye Veier, sikrar anleggsstart i 2017:

  • E18 Tvedestrand–Arendal i Aust-Agder
  • E18 Rugtvedt–Dørdal i Telemark
  • E6 Kolomoen–Moelv i Hedmark

- Regjeringa har eit mål om å redusere bompengebelastinga for bilistane og foreslår eit årleg tilskot på vel 500 millionar kroner for å redusere takstane utanfor byområda. Med ei slik løyving kan takstane bli kutta med minst 10 prosent på riks- og fylkesvegprosjekt der bompengane berre går til å nedbetale gjelda for vegprosjektet, seier samferdselsministeren. 

Innafor vegbudsjettet er det òg midlar til drift av riksvegferjer, tiltak for gåande og syklande og trafikktryggleikstiltak.

Regjeringa foreslår rentekompensasjon for transporttiltak i fylka for ein ny investeringsramme på 3 milliardar kroner. I 2017 er det lagt inn drygt 1,4 milliardar kroner i overføringane til fylkeskommunane til å dekkje utgifter til opprusting og fornying av fylkesvegar. Dette er ein auke på 200 millionar kroner frå 2016.

Kraftig satsing på jernbane
Til jernbane foreslår regjeringa 21,9 milliardar kroner, som er ein liten auke frå nivået i vedtatt budsjett 2016.

Forslaget sikrar rasjonell framdrift på store investeringsprosjekt, mellom anna Follobanen mellom Oslo og Ski og dobbeltspor på InterCity-strekninga Farriseidet-Porsgrunn. Det er òg lagt opp til høg aktivitet innan planlegging av nye jernbaneprosjekt, der budsjettet har vakse frå 0,2 milliardar kroner i 2013 til 1,5 milliardar i 2017

Dei siste åra har regjeringa stansa auken i vedlikehaldsetterslepet på jernbanen, for deretter å redusere forfallet. Dei foreslåtte midlane til vedlikehald og fornying gjer at standarden på jernbaneinfrastrukturen ikkje blir endra gjennom 2017. I tillegg er det lagt opp til rasjonell vidareføring av ERTMS-prosjektet. Dette legg til rette for ei gradvis utskifting av dei gamle signal- og sikringssystema med det felleseuropeiske systemet ERTMS, slik at driftsstabiliteten i togtrafikken blir betre.

Prioriterer tiltak for betre kollektivtransport i byområda
- For at folk skal kome seg raskt og effektivt til arbeid og fritidsaktivitetar, må det vere enkelt å ta seg fram i transportsystemet. Derfor satsar vi på betre kollektivtransportløysingar, spesielt i byområda. Der er både behovet og miljøgevinsten størst. I dette arbeidet legg regjeringa vekt på å bruke positive verkemiddel, seier samferdselsministeren.

Regjeringa foreslår vel 1,5 milliardar kroner til kollektivtiltak i byområda. I perioden 2014-17 har dei største ni byane får ca 4,8 milliardar kroner til utvikling av kollektivtrafikken gjennom den såkalla "belønningsordninga", ein auke på om lag 3 milliardar kroner frå førre fireårsperiode.

Regjeringa har forplikta seg til at staten skal dekkje halvparten av investeringskostnadene ved store kollektivtransportprosjekt gjennom bymiljøavtalar. Følgjande store prosjekt får pengar i 2017: 

  • Fornebubanen i Oslo og Akershus
  • Superbuss i Trondheim
  • Bussveien på Nord-Jæren
  • Bybanen i Bergen

Treårig forsøksordning med tilskot for godsoverføring frå veg til sjø
- Regjeringa ønskjer ein konkurransedyktig nærskipsfart og vil leggje til rette for at meir gods blir transportert på kjøl. Under Kystverket blir det foreslått å opprette ei treårig forsøksordning med tilskot til overføring av gods frå veg til sjø. 30 millionar kroner er sette av til dette i 2017. Vi har i tillegg redusert losavgiftene med tilsvarande 100 millionar kroner i 2017 og effektiviserer og utbetrar fleire farleier, seier Solvik-Olsen.

Til kystforvaltning er det foreslått å løyve om lag 2,6 milliardar kroner, ein liten reduksjon samanlikna med vedtatt budsjett 2016. Vi held fram med å redusere vedlikehaldsetterslepet på navigasjonsinfrastrukturen. I tillegg til driftsutgiftene til Kystverket omfattar midlane mellom anna investeringar i nyanlegg, vedlikehald av kystinfrastruktur og tilskot til fiskerihamneanlegg.

Luftfartstilsynet blir styrkt
Samla budsjettforslag til luftfartsformål er på i overkant av 1,1 milliardar kroner, om lag ei vidareføring frå nivået i vedtatt budsjett 2016. Vel 815 millionar kroner er sette av til kjøp av flytransport i distrikta. Løyvingsforslaget omfattar òg midlar til drift av ikkje-statlege lufthamner, Statens havarikommisjon for transport og  Luftfartstilsynet. 

- Generelt er luftfartstryggleiken i Noreg veldig god. Slik skal det òg vere i framtida. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Luftfartstilsynet i 2017, slik at tilsynet kan investere i digitaliseringstiltak. Desse tiltaka vi gi dei tilsette i Luftfartstilsynet betre arbeidsverktøy og auke effektiviteten. Dermed blir personellressursar frigjort til andre oppgåver, seier samferdselsministeren. 

Sikrar laurdagsomdeling av aviser og styrkjer ekomtryggleiken
Til post og elektronisk kommunikasjon (ekom) er det alt i alt foreslått 642 millionar kroner, ein reduksjon på vel 18 prosent frå vedtatt budsjett 2016. Ein viktig grunn til reduksjonen er at ordinær postomdeling på laurdagar er avvikla etter at Stortinget vedtok ny postlov som tok til å gjelde frå 1. januar 2016. Behovet for statleg kjøp av laurdagsomdeling av post har dermed falle bort.

Innafor dei foreslåtte midlane er 272 millionar kroner sette av til kjøp av post- og banktenester for å oppretthalde tilbodet i distrikta. Mellom anna er det foreslått vel 95 millionar kroner til eit nytt statleg kjøp av distribusjon av aviser i abonnement på laurdagar på stader utan ordinære avisruter.

Til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) foreslår regjeringa nær 371 millionar kroner.

- Elektronisk kommunikasjon og internett er ein viktig innsatsfaktor i næringslivet, forvaltninga og ikkje minst i kvardagen for folk flest. Her ligg vi langt framme i utviklinga. Breibandsløysingar i ekomsektoren vil påverke korleis helsevesen, utdanning og arbeidsliv blir organisert i framtida. Då er det viktig at infrastrukturen for ekom er trygg. For å gjere ekomnetta meir robuste og styrkje beredskapsevna, held vi fram med å leggje til rette for å styrkje teletryggleiken og beredskapen. Vi støttar òg opp om utbygging av breiband i distrikt der marknaden er begrensa, samstundes som dei viktigaste grepa er å stimulere til kommersiell utbygging av ekomnettet gjennom enklare regelverk og ved å leggje til rette for lågare kostnader, seier samferdselsministeren.

 

For fleire opplysningar - sjå: