Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Seier ja til landbasert oppdrett på Tøfta i Averøy

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i dag avgjort motsegnssak knytt til planane om eit landbasert fiskeoppdrettsanlegg på Tøfta i Averøy kommune. - Eg har lagt avgjerande vekt på å leggje til rette for viktig lokal næringsutvikling, samstundes som det blir gjort tiltak for å redusere dei negative verknadene for naboar og miljø, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Vedtaket inneber at reguleringsplanen for området vert godkjend i samsvar med Averøy kommunestyre sitt vedtak. Averøy Seafood kan med dette gå vidare med planane om etablering av eit oppdrettsanlegg.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal fremja motsegn til reguleringsplanen, grunna omsyn til landskap og friluftsliv i strandsona. Anlegget vil kome i nærleiken av turområdet ut mot Stavneset fyr, og fleire lokale interessegrupper og naboar har vore negative til planane.

- Eg har forståing for innvendingane som er fremja.. Eg meiner likevel at verknaden på landskapet og konsekvensane for friluftslivet er akseptable, mellom anna ved at hovudtilkomsten ut til fyret ikkje vil bli rørt, seier Mæland.

Det ligg fleire bustader nær planområdet, og det skal difor utarbeidast ein plan for anleggsarbeidet som tek omsyn til naboar. Departementet legg til grunn at kommunen følgjer opp dette i det vidare arbeidet, slik at ulempene for naboane blir minst moglege.

Tiltaket skal handsamast vidare etter akvakulturlova og forureiningslova. Søknad om løyve til akvakultur av laks på land skal handsamast av fylkeskommunen i det området anlegget er planlagt lokalisert, i dette tilfellet Møre og Romsdal fylkeskommune.

Averøy kommune - motsegn til detaljregulering for landbasert fiskeoppdrettsanlegg på Tøfta

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Til toppen