Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Averøy kommune - motsegn til detaljregulering for landbasert fiskeoppdrettsanlegg på Tøfta

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner detaljregulering for landbasert fiskeoppdrettsanlegg på Tøfta i Averøy kommune. Det er lagt avgjerande vekt på kommunen sine ønsker om arbeidsplassar og styrking av det lokale næringslivet, samstundes som verknaden på landskapet og konsekvensane for friluftslivet er vurdert som akseptable. Departementet viser og til at det skal utarbeidast ein plan for anleggsarbeidet som mellom anna tek omsyn til naboar.

Tiltaket skal handsamast etter mellom anna akvakulturlova og forureiningslova. Søknad om løyve til akvakultur av laks på land skal handsamast av fylkeskommunen i det området anlegget er planlagt lokalisert, i dette tilfellet Møre og Romsdal fylkeskommune.

Bakgrunn

Departementet viser til brev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal av 11. februar 2019. Detaljregulering for landbasert fiskeoppdrettsanlegg på Tøfta er send til Kommunal- og moderniserings¬departementet for handsaming etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd, fordi fylkesmannen har fremja motsegn til planen.

Reguleringsplanen er fremja av Averøy Seafood AS, og legg til rette for eit landbasert oppdrettsanlegg med gjennomstrøyming av sjøvatn. Anlegget vil ha kapasitet på omlag 50 000 tonn årleg produksjon av laksefisk. Det svarar til omlag 15 opne anlegg i sjø. Det skal og byggast molo, kai, settefiskanlegg, slakteri, naust og småbåthamn.

Konseptet inneber at oppdrett vil skje i lukka merdar plasserte i basseng som er sprengt ut i fjell. Bassenget vil ha gjennomstrøyming av sjøvatn som vil bli tatt opp via inntakstunnel frå omlag 75 meters djup. Kvar merd vil vere tilkopla reinseanlegg. I følgje forslagsstillar vil driftsforma løyse mange av utfordringane som sjøbaserte oppdrettsanlegg har, mellom anna problem med lus, rømming og slam. Metoden er meir arealeffektiv enn oppdrett i sjø.

Planområdet er på omlag 695 dekar, fordelt på land og i sjø. Næringsområde og kai dekker omlag 165 dekar, og grønstruktur og LNFR-formål omlag 210 dekar.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i brev av 4. mai 2018 fremja motsegn til planen. Motsegna er grunngjeven med at planen er i strid med kommuneplanen, og omsynet til landskapskvalitetar, friluftsliv og naturverdiar. Fylkesmannen finn at industrianlegget vil bli så stort og dominerande i landskapsrommet ut mot Stavneset, at området sine kvalitetar som verdfullt kystlandskap og regionalt viktig friluftsområde vil bli sterkt forringa. Fylkesmannen har og motsegn til at alternativ lokalisering ikkje er utgreidd, og at støyutgreiinga må supplerast for massedeponi på land.

Naboar, Stavnesets venner og Øksenvågen og Sveggen velforeining er kritiske til prosjektet. Enkeltpersonar er og bekymra for framtidige ulemper som støy og negative verknader for friluftsinteressene i området. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har og stilt spørsmål ved energibruk og energiforsyninga til anlegget.

Mekling i saka vart gjennomført 8. november 2018, utan at det vart oppnådd semje. I meklingsmøtet ønskte kommunen å sjå på detaljane i planen for å sjå om det er endringar som kan gjerast for å komme motsegnene i møte, til dømes endra utforming eller endra massedeponi. Fylkesmannen fann ikkje grunnlag for å gå inn i ein diskusjon om desse forholda, og opprettheldt motsegna til planforslaget.

Averøy kommunestyre godkjende reguleringsplan for landbasert fiskeoppdrettsanlegg på Tøfta i møte den 13. desember 2018. Vedtatt reguleringsplan består av reguleringsplankart, planomtale med konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse, datert 3. mars 2018, og føresegner datert 27. mai 2018.

Kommunen sende saka til fylkesmannen i brev av 17. januar 2019. Kommunen ønskjer ikkje å komme motsegna frå fylkesmannen i møte, sidan dette er ei stor og viktig sak for kommunen. Aktiv tilrettelegging for næringslivsretta tiltak vil vere ein viktig føresetnad for ei positiv samfunnsutvikling. Averøy satsar særleg på fiske og havbruk. Landbasert oppdrett vil ha mange føremoner samanlikna med tradisjonelle, sjøbaserte anlegg. Ny teknologi vil kunne prøvast ut i fullskala, og vere eit viktig ledd i innovasjon og produktutvikling. Ferdig utbygd vil anlegget gje mange nye arbeidsplassar og tilføre kommunen årlege skatteinntekter.

Kommunen meiner at lokaliseringa vil vere gunstig med tanke på nærleik til sjø og gode vilkår for transport, og vere del av ei større næringsklynge knytt til havbaserte næringar.
Kommunen viser og til at lokaliseringa på Stavneset er godt eigna til føremålet, og at området i si tid vart vurdert som næringsområde knytt til ilandføring frå Ormen Lange-utbygginga. Kommunen meiner at omsynet til landskap-, natur- og friluftsverdiar er ei utfordring, men at verdiane ikkje vil bli vesentleg forringa. Framleis vil til dømes deler av turområdet ut mot Stavneset fyr kunne nyttast.

Kommunen meiner i denne saka at nærings- og samfunnsinteressene må vege tyngre enn omsynet til natur, landskap og friluftsliv. Kommunen har i kommuneplanen lagt omsynssone friluftsliv på andre område som kommunen har vurdert å vere av større verdi. Kommunen stiller og spørsmål ved om klassifiseringa av nasjonale og viktige regionale interesser knytt til natur, landskap og friluftsliv speglar dei faktiske kvalitetane på staden.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal tilrår i oversendinga av saka til departementet at motsegna blir teken til følgje. Fylkesmannen viser til at sjølv om dette er eit storskala landbasert oppdrettsanlegg, som har vesentleg verdi for sysselsetjing og inntekter til kommunen, må ein ved slike lokaliseringar sikra at konfliktgraden er akseptabel. Planen vil føre til store, irreversible inngrep i strandsona i eit område med viktige kvalitetar knytt til natur, landskap og friluftsliv. Fylkesmannen peikar på at det er mogleg å etablere slike anlegg på areal som er utan så store konfliktar. Fylkesmannen meiner og at det er stor uvisse rundt eit fullskala pilotprosjekt som dette, og peikar på at eventuell gjenbruk av området vil gje store utfordringar. Eit så stort og dominerande oppdrettsanlegg må etablerast på areal der andre samfunns- og miljøinteresser ikkje er så sterke.

Møte og synfaring blei gjennomført 28. mars 2019 med representantar frå Averøy kommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Miljødirektoratet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I tillegg var mellom anna Stavnesets venner og Øksenvågen velforeining til stades på møtet og synfaringa.

Klima- og miljødepartementet rår i fråsegn 21. juni 2019 til at motsegna frå fylkesmannen blir teken til følgje, og at planen ikkje blir godkjend. Departementet viser til at det planlagde fiskeoppdrettsanlegget vil leggje beslag på store areal i strandsona, og vere til skade for viktige naturverdiar, landskap og friluftsliv. Anlegget vil vere i strid med plan- og bygningslova § 1-8 og statlege planretningslinjer for strandsona. Departementet meiner at den positive nytten av den planlagde utbygginga ikkje veg opp for dei negative verknadene. Plasseringa av eit slikt anlegg bør gjerast i kommune¬planen, slik at ein kan finne best mogleg plassering utan så klare negative verknader for strandsona.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Etter plan- og bygningslova § 5-4 første ledd kan statleg organ fremje motsegn i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betyding, eller av andre grunnar er av vesentleg betyding for organet sitt saksområde. Etter § 12-13 andre ledd avgjer departementet om motsegna skal takast til følgje. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen. I

denne saka har fylkesmannen motsegn til detaljreguleringa for landbasert oppdrett på Tøfta, og departementet skal avgjere om planen kan godkjennast.

Området er i dag i hovudsak brukt til rekreasjon og drift av fyr. Tilstøytande område i sør er Stavhaugen og eit høgdedrag med myrområde. Lenger sør er det kultur- og naturlandskap med registrerte fornminne og gardsdrift. I vest går Fylkesveg 259, Øksenvågveien. Bortanfor vegen er det regulert næringsområde. I nord er det open sjø, og mot nordvest ligg Litløksenvågen og Øksenvåghøgda med pågåande bustadutbygging. Landskapet er del av landskapsregion «Kystbygdene i Nordmøre og i Trøndelag». Kulturverdiar innanfor planområdet er i hovudsak miljøet rundt fyret og tidlegare bruk på Tøfta. Stavneset fyr har tilkomst med kai og tursti.

Området var tidlegare aktuelt som ilandføringsområde for Ormen Lange. I ettertid er det vist i kommuneplanen som eit område som er aktuelt for næringsverksemd av regional vekt. Planområdet ligger i hovudsak innanfor FI-1, som er vist som LNFR-område i kommuneplanen, med følgjande føresegn om framtidig bruk:

"§ 3.11 Spesielle bestemmelser for potensielle fremtidige næringsområder (pbl. § 11-9 nr.8) Bestemmelser: FI-1 «Ormenområdet»: Området FI-1, avsatt for LNFR formål og avgrenset på kommuneplankart med linje «Bestemmelsesgrense», omfatter arealene tidligere utredet til «Ormen Lange». Arealformålet for dette området kan endres fra LNFR til Næring under detaljreguleringsprosess, dersom dette området vil bli valgt for etablering av eventuell fremtidig arealkrevende industriell prosjekt av regional/nasjonal betydning. Det skal ikke innvilges tillatelse og dispensasjon for tiltak som kan påvirke eller ødelegge mulighet for eventuell etablering av fremtidig industrivirksomhet beskrevet ovenfor i området FI-1. Frem til avslutning av eventuell fremtidig detaljreguleringsprosess skal området benyttes for landbruk og friluftsliv."

Departementet meiner at når kommunen i mange år har hatt retningslinjer som gjev føringar om at området er aktuelt for regionalt retta næring, styrker det grunnlaget for å akseptere planen, sjølv om området formelt er sett av til LNFR-føremål.

I følgje konsekvensutgreiinga legg planen til rette for at 1 million m3 overskotsmasse mellom anna skal nyttast til kai og molo. Resterande 850 000 m3 er planlagd deponert i Litle Øksenvågen, som forsterking av molo og på land. Fylkesmannen har gjort kommunen spesielt merksam på at planlagd dumping av overskotsmasse må handsamast som avfall, med løyve etter forureiningslova. Departementet legg til grunn at kommunen avklarar vidare sakshandsaming etter forureiningslova med fylkesmannen.

Planen er vurdert opp mot statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona. Der står det at ein skal unngå utbygging i urørte område med spesielle friluftsinteresser, natur- og landskapskvalitetar eller kulturminneinteresser. Strandsona der anlegget skal byggjast, har stor verdi både for naturmangfald, friluftsliv og kulturminne.
Planen vil og innebere inngrep i kystlandskapet. Tiltaket vil ha negative konsekvensar for friluftslivet og landskapet ved Stavneset fyr, både visuelt og ved at ein av fleire stiar ut til fyret blir nedbygd. Departementet vurderer likevel at verknadene for friluftslivet er akseptable, sidan hovudtilkomsten til fyret ikkje blir rørt. Planen legg og til rette for parkering for turgåarar. Departementet viser og til at kommunen har kartlagt andre friluftsområde og vist desse med omsynssone for friluftsliv i kommune¬planen.

Fylkesmannen har peikt på støy som eit konfliktområde. Fylkesmannen har stilt krav til fullstendig støyavklaring i planen dersom overskotsmassane skal deponerast og knusast på staden. I følgje fylkesmannen er støyføresegnene for anleggsfasen retta, men fullstendig støyutgreiing for anleggsfasen manglar. Anleggsfasen er vurdert å ta mellom 12 og 20 månader. Departementet viser til at det er stilt krav om utomhusplan som vil tydeleggjere korleis massane skal brukast, mellom anna for oppbygging av molo og deponering av overskotsmassar. Departementet viser til at det i føresegnene punkt 3.4 står at det ved søknad om tiltak, skal leggjast ved plan for korleis det skal takast omsyn til naboar og trafikk i anleggsfasen. Departementet legg til grunn at kommunen følgjer opp dette i det vidare arbeidet.

Departementet har vurdert dei kryssande interessene i saka, og har etter ei samla vurdering kome fram til at reguleringsplanen kan godkjennast i tråd med kommunen sitt vedtak. Det er lagt avgjerande vekt på kommunen sine ønskjer om arbeidsplassar og styrking av det lokale næringslivet, og at verknaden for landskap og friluftsliv er vurdert som akseptabel.

Forslagsstillar har lagt vekt på at dette er eit nyskapande næringsprosjekt, som vil prøve ut nye og mindre miljøbelastande måtar å drive oppdrett på. Produksjonen vil kunne medverke til ein høg produksjon av laksefisk, i tråd med nasjonale mål om auka sjømatproduksjon. Departementet vil understreke at tiltaket skal handsamast vidare etter mellom anna akvakulturlova og forureiningsglova. Søknad om løyve til akvakultur av laks på land skal handsamast av fylkeskommunen i det området anlegget er planlagt lokalisert, i dette høvet Møre og Romsdal fylkeskommune. Vilkåra for å få tildelt løyve går fram av laksetildelings-forskrifta. I tillegg er det fastsett retningslinjer for saks¬behandlinga. Dersom søknaden ikkje vert gitt, er det Fiskeridirektoratet som behandlar ein eventuell klage på avslaget.

Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8-12 leggjast til grunn som retningslinjer ved utøving av offentleg mynde som gjeld naturmangfald, og vurderinga skal gå fram av vedtaket. Departementet viser til vurderinga av naturmangfaldet i brevet frå Miljødirektoratet 25. april 2019. Kunnskapen om naturmangfald i saka går fram av rapport 2466 frå Rådgivande biologer AS, og er vurdert som god, jamfør naturmangfaldlova § 8. Tiltaket vil innebere nedbygging av førekomstar av den utvalde naturtypen kystlynghei, strandeng og strandsump, og naturtypane skjelsand og tareskog i sjø. Desse førekomstane vil gå tapt som følgje av tiltaket.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd godkjenner Kommunal- og moderniseringsdepartementet Averøy kommunestyre sitt vedtak av 13. desember 2018 om detaljregulering for landbasert fiskeoppdrettsanlegg på Tøfta.

Kommunen er gjort kjend med vedtaket ved kopi av dette brevet. For kunngjering av vedtaket gjeld § 12-12 fjerde ledd.


Med helsing

 

Monica Mæland

 

Kopi

Averøy kommune

Averøy Seafood AS

Klima- og miljødepartementet

Mattilsynet

Miljødirektoratet

Møre og Romsdal fylkeskommune

Nærings- og fiskeridepartementet