Semje om nye satsar i reiseavtalene

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Eg er glad for at partane er einige om nye satsar i reiseavtalene i staten, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) og hovudsamanslutningane blei 1. desember 2022 einige om nye satsar i reiseavtalene i staten, som skal gjelde frå 1. januar 2023. Avtalene skal dekkje utgifter til reise og kost for arbeidstakarar som reiser i oppdrag eller i teneste for staten si rekning. Ingen av partane hadde sagt opp avtalene, men satsane blir forhandla om årleg.

I avtalane inngår mellom anna satsen for kilometergodtgjering når arbeidstakaren brukar eigen bil. I forhandlingane har partane blitt einige om å auka denne frå 4,03 til 4,48 kroner.

– Dei som nytter bil til køyring i samband med jobbreiser skal få dekka dei faktiske utgiftene for bilkøyringa. Som fylgje av auka bensin- og dieselprisar er satsane for kilometergodtgjering derfor justert opp, seier Gjelsvik. 

Dei andre satsane i avtalene har blitt justert med relevante prisindeksar for desse.