Frist 15. april:

Send dine innspel til nasjonal strategi om livskvalitet

Regjeringa skal i løpet av 2024 legge fram ein Nasjonal strategi for livskvalitet, og ønsker dine innspel til arbeidet.

Stadig fleire land bruker livskvalitet til befolkninga som eit supplerande mål for å sjå på utviklinga i samfunnet. Denne utviklinga vil regjeringa at Noreg blir ein del av. 

Den nye strategien skal bidra til å gi eit betre, heilskapleg mål på korleis livskvalitet kan bli brukt som eit mål for utviklinga av samfunnet i Noreg, i tillegg til andre samfunnsmål. Den skal definere og skildre mål som kan spegle befolkninga si oppleving av kva som er viktig for eit godt liv, og som kan utjamne sosiale forskjellar i livskvalitet. 

Helse og livskvalitet heng saman, og livskvalitet som ein kollektiv samfunnsverdi og samfunnsmål legg derfor også vekt på betydninga av eit godt folkehelsearbeid. 

På sikt vil strategien vere av betydning for til dømes det psykiske folkehelsearbeidet. 

Det er laga eit utkast til Nasjonal strategi for livskvalitet. No ønsker vi innspel frå ulike aktørar i samfunnet i arbeidet med å gjere ferdig strategien. Frist for å gi innspel er 15. april. 

Arbeidet med strategien er forankra i Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar