Signering av avviklingsavtale for bomstasjonane ved Svinesund

Fredag 19. februar kl. 13.15 signerer samferdselsminister Knut Arild Hareide og Sveriges ambassadør til Noreg, Cecilia Björner, avviklingsavtalen mellom Noreg og Sverige. Avtalen gjer det mogleg å avvikle bomstasjonane på grensa ved Svinesund. Datoen for avviklinga blir kjent under signeringa.

Nett-tv Signering av avviklingsavtale for bomstasjonane ved Svinesund

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Signeringa vil gjennomførast i Samferdselsdepartementets lokalar i Oslo, og vil sendast digitalt på denne sida. Pressa vil òg få moglegheit til å bygge inn sendinga på sine eigne nettsider.

Pressa kan stille spørsmål til samferdselsministeren og ambassadøren i etterkant av signeringa, ved å sende spørsmåla på mail til hj@sd.dep.no. Dei vil svare på spørsmåla i sendinga. For spørsmål og praktisk tilrettelegging, ta kontakt med pressekontakt:

Senior kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen: 976 28 091 / hj@sd.dep.no