Sigrid Agnethe Hansen mottok nynorskprisen for journalistar
Nyheit | Dato: 12.06.2026 | Kultur- og likestillingsdepartementet
I dag mottok Sigrid Agnethe Hansen Kultur- og likestillingsdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2026.
Hansen er NRK-journalist frå Harstad med erfaring frå NRK Troms og iTromsø, som skrivande journalist, programleiar, produsent og kommentator. Ho har også gitt ut to populære ungdomsbøker.
Tildelinga av prisen skjer på bakgrunn av nominasjonar. Ein av desse peika på at det var ein fryd å lese nynorsk i lokalavisa iTromsø. Også i grunngjevinga frå juryen blir det framheva at Hansen er ei viktig nynorskstemme i eit område der språket er mindre brukt.
Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar er delt ut sidan 2006. Han blir gitt til ein dyktig journalist som har utmerkt seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medium, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk.