Siste del av E6 Helgeland opna i dag – samla reisetid redusert med 40 minutt
Pressemelding | Dato: 10.12.2025 | Samferdselsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran opna i dag E6-strekninga mellom Svenningelv og Lien i Grane kommune, siste del av E6 Helgeland.
– Strekninga vi i dag opna er ein del av den heilskaplege utbygginga av E6 Helgeland, og er eit viktig steg for tryggleik, framkome og utvikling i regionen, seier Nygård.
Sidan byggestarten i 2021 har det vore gjennomført eit omfattande arbeid i eit krevjande terreng. Den ferdige moderne europavegen er litt over ti kilometer, bygd i fjell, langs elvar og over jernbane. Med ein kostnad på 1,9 milliardar kroner er dette den dyraste mila i heile Helgelandsprosjektet.
– Den nye E6-en er 2,1 kilometer kortare enn den gamle traseen, og reisetida gjennom området blir halvert, frå 14 til under 7 minutt. Vi har fått betre framkome, lågare utslepp og høgre trafikksikkerheit. No som heile E6 Helgeland står ferdig er reisetida mellom Trøndelag grense og Saltfjellet redusert med om lag 40 minutt, seier Nygård.
Prosjektet har vore prega av kompliserte grunnforhold, store bruer og bygging av bru for jernbana. Arbeidet er gjennomført i samarbeid mellom Statens vegvesen, LNS, Aas Jakobsen og underentreprenørar.
– Som tidlegare yrkessjåfør så veit eg kor viktig gode vegar er, for næringsliv og for tryggleik for befolkninga. Denne utbygginga gjer òg ein forskjell for lokalsamfunnet. Den nye vegen er flytta bort frå bustadområda på Trofors, og massar frå tunnelarbeidet har lagt grunnlag for utviklinga av eit nytt næringsområde på Laksvollen. Då gir ikkje prosjektet berre betre transport – men òg nye moglegheiter for framtidig vekst i området og Grane kommune, seier Skjæran.