Skatte- og avgiftsendringar i Revidert nasjonalbudsjett 2016

Regjeringa foreslår meirverdiavgiftsfritak ved utdeling av matvarer til velgjerande føremål. Vidare vil regjeringa tilpasse skatteavgrensingsregelen til trinnskatten. Regjeringa varslar innføring av ei ordning med utsett formuesskatt i samband med budsjettet for 2017.

Forslaga til endringar er anslått å redusere inntektene frå skattar og avgifter med om lag 264 millionar kroner påløpt og 257 millionar kroner bokført i 2016.

Meirverdiavgiftsfritak ved utdeling av matvarer til velgjerande føremål
Regjeringa foreslår eit fritak frå meirverdiavgift ved uttak av matvarer som blir leverte utan vederlag til eit velgjerande føremål. Bakgrunnen for forslaget er mellom anna arbeidet til Regjeringa med å redusere matsvinn. Meirverdiavgift ved uttak kan føre til at bedrifter vel å destruere matvarer i staden for å gje dei bort til eit velgjerande føremål.

Forslaget inneber at avgiftspliktige aktørar i matbransjen ikkje skal rekne meirverdiavgift på uttak av mat- og drikkevarer som dei gir bort. Det vert stilt krav om at varene blir leverte vederlagsfritt til ein mottakar som er registrert i Einingsregisteret. Mottakaren må dele ut varene på velgjerande grunnlag. Sjå også pressemelding nr 28/2016.

Tilpasse skatteavgrensingsregelen til trinnskatten
Regjeringa foreslår å la skatteavgrensinga også gjelde for trinn 1 og 2 i trinnskatten, og ikkje berre for skatt på alminneleg inntekt og trygdeavgift slik reglane er no. Dermed unngår ein at ei lita gruppe som fortsatt vert skattlagt etter skatteavgrensingsregelen, får auka skatt som følgje av at trinnskatten erstattar toppskatten frå 2016. Forslaget inneber ei skattelette på 14 millionar kroner påløpt og 7 millionar kroner bokført i 2016.

Formuesskatt – varsling av ei ordning med utsett formuesskatt
Formuesskatten kan vere spesielt utfordrande i krevjande tider når eigarar må ta ut utbytte frå verksemder som går med underskot for å betale formuesskatten. For verksemder som ikkje har god tilgang på kapital, kan dette skape likviditetsproblem og gjere det vanskelegere å oppretthalde aktiviteten. For å førebyggje slike problem vil Regjeringa i samband med budsjettet for 2017 foreslå ei midlertidig og avgrensa ordning med utsett formuesskatt for eigarar av verksemder som går med rekneskapsmessig underskot. Ein tek sikte på at ordninga skal gjelde frå og med inntektsåret 2016. Sjå også pressemelding nr 26/2016.

Utsatt iverksetjing av flypassasjeravgifta
I samband med budsjettet for 2016 vedtok Stortinget å innføre ei flypassasjeravgift. Stortinget la til grunn at avgifta skulle tre i kraft 1. april 2016, men gav departementet fullmakt til å vedta iverksetjinga. EFTAs overvakingsorgan (ESA) vurderer nå avgifta etter statsstøtteregelverket i EØS-avtalen. Departementet har derfor vedteke å utsetje avgifta til 1. juni 2016. Utsetjinga gjer eit provenytap på om lag 250 millionar kroner påløpt og bokført samanlikna med vedteke budsjett for 2016.

Endringar i eigedomsskattelova
Regjeringa foreslår å gi kommunane høve til å frita fritidsbustader når dei skriv ut eigedomsskatt. Forslaget vil gje kommunane større fleksibilitet i utskrivinga av eigedomsskatt og leggje betre til rette for hytteutbygging med ringverknader for det lokale næringslivet.

Regjeringa foreslår vidare at eigedomsskattesatsen på bustader og fritidsbustader skal vere på minstenivået på to promille det første året kommunen skriv ut eigedomsskatt på slik eigedom, også når kommunen har skrive ut eigedomsskatt på annan eigedom tidlegare. Satsen kan i dag vere inntil sju promille frå første året når kommunen allereie skriv ut eigedomsskatt på annan eigedom. Forslaget inneber at kommunen må byrje med lågaste skattesats også i desse tilfella, slik at ein eventuell auke i skattesatsen må skje gradvis. Sjå også pressemelding nr 27/2016.

Skogbruk
Regjeringa foreslår å endre overgangsordninga for skog som frå 2016 ikkje lenger blir å rekne for skogbruk, slik at skogeigar kan velje å føre gjennomsnittsunderheng på vinst- og tapskonto. Det gjev ei utsetjing med skattlegginga samanlikna med den vedtekne overgangsordninga.

Produktavgift på førstehandsomsetning av fisk
Regjeringa foreslår å redusere produktavgifta frå 2,7 prosent  til 2,5 prosent frå 1. juli 2016. Justeringa skyldast at utbetalingane til dagpengar er forventa å minke, samt at ein reknar at førstehandsverde vil auke.

Revidert nasjonalbudsjett inneheld òg andre, mindre endringar i skatte- og avgiftsopplegget for 2016.

Les meir i Prop. 121 LS (2015-2016) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga.

 

Nett-tv Revidert nasjonalbudsjett 2016

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her