Invitasjon
Klimastatus – slik kan vi sjå klimaendringane i vérhendingane
Nyheit | Dato: 10.12.2025 | Klima- og miljødepartementet
Verda har no nådd eit punkt der ein kan sjå «fingeravtrykk» av klimaendringane i alt vér. På årets Klimastatus onsdag 7. januar går vi gjennom vérhendingar i 2025 og forklarar korleis dei kan knytast til klimaendringane. Du får òg møte menneske frå miljø som tek grep når konsekvensane rammar oss.
Klimastatus – slik kan vi sjå klimaendringane i vérhendingane
Sjå sendinga her
Klimastatus er eit årleg arrangement frå Meteorologisk institutt. I løpet av ein raus time får du ei uformell veksling mellom korte innlegg frå forskarar og samtalar med gjester, leia av TV-meteorolog Pernille Borander.
Tid: Onsdag 7. januar klokka 09.00–10.15
Stad: I Marmorhallen hos Klima- og miljødepartementet, og direktestrøyming
Det blir servert enkel frukost frå kl. 08.30.
Alle som deltek fysisk må gjennom departementet sine tryggleikssluser. Møt opp i god tid før start og ta med gyldig ID.
Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.
Program
- Varmt på kalde stader
- Klimaforskar Ketil Isaksen forklarar korleis stigande temperatur på Svalbard og i Jotunheimen endrar landskapet og aukar risikoen for oss som bur og ferdast der.
- Samtale med Albert Lunde frå Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning om utfordringar for fjellturisme og fjellredning i Jotunheimen og Sør-Noreg.
- Kvifor kan vi no seie at hetebølgja i sommar var påverka av klimaendringar?
- Klimaforskar Amalie Skålevåg fortel om attribusjon som framgangsmåte for å undersøkje koplinga mellom menneskeskapte klimaendringar og observerte endringar i vér og klima.
- Samtale med klimaanalytikar Thea Holten frå Røde Kors om konsekvensane av sommarens hetebølgje for helse i Noreg.
- Når vinden aukar litt, aukar skaden desto meir
- Forskar Øyvind Breivik fortel om skadepotensialet frå vind og om god byggjeskikk.
- Samtale med Henrik Landsverk, leiar for teknologi og innovasjon i Lede, om konsekvensane for skog og energiforsyning etter ekstremvêret Amy.