Dette er i tråd med tilrådinga frå Havforskingsinstituttet, og er 4 258 tonn høgare enn i 2026.

– Snøkrabbebestanden på norsk sokkel i Barentshavet har hatt ei svært positiv utvikling. Totalkvoten er meir enn dobla dei siste fem åra. Auken i snøkrabbekvoten er gledeleg, særleg når det ikkje står like bra til med andre viktige bestandar, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Minstemålet på 95 mm skalbreidde blir vidareført i 2027. Det bidreg til å sikre fangst av høg verdi og verne om bestandens potensial for reproduksjon.

Regulering av fangst av snøkrabbe i 2027

Fiskeridirektoratet har publisert forslag til regulering for 2027. Forskrifta vil bli fastsett av departementet når høyringsprosessen er gjennomført og departementet har konkludert i saka.