Somalia får sletta gjeld

Somalia har fullført krevjande reformprogram, og får no sletta mykje av utanlandsgjelda si. Noreg har òg bidratt med å slette gjeld. – Eit viktig steg for Somalias framtid, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

– Det er svært gledeleg å høyre at Somalia har fullført eit omfattande reformprogram som vil resultere i at store delar av Somalias gjeld blir sletta, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Gjelda kutta  frå 64 prosent av BNP til 6 prosent

I 2020 løyvde Noreg eit kortsiktig lån på 3,4 milliardar kroner for å klarere Somalias misleghaldne gjeld til Verdsbankens fond for dei fattigaste landa (International Development Association, IDA), i tillegg til  26 millionar kroner gjennom IMF. Dette bidrog til at Somalia kvalifiserte til innleiande sletting av gjeld gjennom det såkalla gjeldssletteprogrammet for utviklingsland «Highly Indebted Poor Countries» (HIPC) i 2020. Sidan den gong har Somalia gjennomført omfattande økonomiske reformer og styrkt arbeidet med institusjonsbygging. Noregs lån utløyste omfattande gåvehjelp frå Verdsbanken for å støtte reformarbeidet.

Denne veka har styra i Det internasjonale pengefondet (IMF), Verdsbanken og Afrikabanken vedtatt at Somalia har fullført dei nødvendige krava i reformprogrammet. Gjelda i landet blir redusert frå  64 prosent av BNP i 2018 til omtrent 6 prosent av BNP i 2023.

– Somaliarane viser  ein unik ståpåvilje og klare visjonar for gjenoppbygging av landet sitt. Sletting av gjeld opnar for nye moglegheiter til å investere meir berekraftig i statsbygginga med gunstige finansieringsvilkår. Det er veldig bra at Noreg har bidrege til denne suksesshistoria, seier utviklingsminister Tvinnereim.

Noreg vil slette Somalias rest-gjeld til Noreg

Somalias gjeld til Noreg var på 16,2 millionar kroner. 10,8 millionar blei sletta i 2020 då Somalia fekk HIPC status. Restbeløpet  blir samtidig ettergitt når kreditorane i Parisklubben slettar restgjelda.

– Noreg vil då ettergi resterande mislegheldt gjeld på vel 5 millionar kroner, seier finansminister Vedum.

Reformarbeidet er utført under ein stram tidsplan og mot eit svært krevjande bakteppe. Somalia blir stadig ramma av både flaum og tørke, og styresmaktene står i ein krevjande offensiv mot terrorgruppa Al-Shabaab. Somalia vil framleis ha behov for betydeleg internasjonal støtte framover.

Noreg investerte 642 millionar kroner i øyremerkt hjelp til Somalia i 2022. I år har støtta blitt auka med  85 millionar kroner til å støtte menneske på flukt, klimatilpassing og mattryggleik gjennom FN i Somalia, gjennom den ekstraordinære dei løyvinga til land i Sør for å handtere dei globale ringverknadene av Russlands krig mot Ukraina (Sør-pakken).