Historisk arkiv

Stadig fleire organisasjonar får momskompensasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Fleire enn 20.000 frivillige lag og foreiningar mottar i desse dagar momskompensasjon. Dette er over 1000 fleire enn i fjor. Talet på mottakarar viser at ordninga er svært viktig for frivillig sektor.

- Momskompensasjonsordninga er frie midlar som organisasjonane kan bruke i tråd med eigne prioriteringar. Dette støtter opp under regjeringa sin politikk for ein sterk og uavhengig frivillig sektor. Difor har vi auka tilskotet, og eg er glad for at stadig fleire organisasjonar er med i ordninga, seier kulturminister Thorhild Widvey.

I 2015 er løyvinga til momskompensasjonen for frivillige lag og foreiningar på 1,24 milliardar kroner mot 1,2 milliardar i 2014.

Godkjent søknadsbeløp i 2015 er i overkant av 1,5 milliardar kroner mot 1,4 milliardar i 2014. Avkortinga er på 21,7 prosent. Dette er noko høgare enn i 2014, men ein reduksjon i høve til tidlegare år. Avkortinga i 2013 var på 30 prosent.

Utbetaling av momskompensasjonen for 2015 skjer 14. desember.

Meir informasjon og liste over tildelingar på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet