Står saman mot arbeidslivskriminalitet

Arbeidslivskriminalitet har alvorlege konsekvensar for arbeidstakarar, verksemder og samfunnet. Regjeringa lanserer no ein revidert strategi for å slå ned på arbeidslivskriminalitet.

– I norsk arbeidsliv skal det ikkje vere rom for kriminelle aktørar som øydelegg for dei seriøse i arbeidslivet. Sidan 2015  har vi styrka kampen mot arbeidslivskriminalitet med over 100 millionar kroner, og vi har store ambisjonar om å styrke denne kampen vidare. Vi ser at det stadig er behov for nye og forbetra verkemiddel for å slå ned på kriminelle, som til dømes no i pandemien. Derfor lanserer vi i dag ein revidert a-krimstrategi, seier statsminister Erna Solberg.

Arbeidslivskriminalitet er fortsett utfordrande i deler av arbeidslivet og omfanget ser ikkje ut til å ha blitt mindre. Regjeringa vil slå ned på arbeidslivskriminalitet med målretta tiltak, auka kontrollinnsats og styrka samarbeid med partane i arbeidslivet. I denne fjerde utgåva av strategien kjem det nye verkemiddel for å redusere handlingsrommet til dei kriminelle.

– Vi må ta vondskapen ved rota. På tross av at vi aukar innsats mot kriminelle aktørar, er tilbakemeldingane frå etatane at dei kriminelle tilpassar seg - og at det derfor er blitt meir krevjande å avdekke arbeidslivskriminaliteten. Vi har derfor valt å fornye strategien for å treffe betre på metodane for å slå ned på dei kriminelle, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Fleire tiltak

Varslar fleire lovforslag

Regjeringa varslar fleire lovforslag, blant anna for straff for lønnstjuveri, auka strafferammer i arbeidsmiljølova og allmenngjeringslova og ny straffereglar for "stråmannsverksemd", ved for eksempel å bruke ein anna person for å omgå konkurskarantene. For å markere alvoret som ligg i lønnstjuveri, legg regjeringa opp til å ta regelen om lønnstjuveri inn i straffelova i stadet for i arbeidsmiljølova.

Godkjenningsordning for bilbransjen

Eit av tiltaka er godkjenningsordning for bilvask. Denne bransjen har over lang tid vore prega av utfordringar med useriøse arbeidsforhold, brot på arbeidsmiljølova og svart omsetning. Det inneber at dei aktuelle verksemdene må dokumentere overfor Arbeidstilsynet at dei oppfyller plikter, mellom anna etter arbeidsmiljøregelverket. Verksemdene må også sørge for at dei tilsette har HMS-kort.

Seriøsitetsinformasjon blir gjort tilgjengeleg

Regjeringa skal også få på plass et rammeverk for tilgjengeliggjering av seriøsitetsinformasjon. Det vil i praksis seie at det skal bli enklare for verksemder og forbrukarar å få tilgang til oppdaterte opplysningar om verksemder før dei tildeler oppdrag eller inngår kontraktar.

Fakta:

Regjeringa la fram den første strategien mot arbeidslivskriminalitet i 2015. Strategien er revidert og oppdatert i 2017, 2019 og på nytt i 2021. Arbeidet med strategien skjer i dialog med hovudorganisasjonane i arbeidslivet.