Historisk arkiv

Startskot for ein ny internasjonal naturavtale

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

Land frå heile verda møtest i Kunming i Kina i oktober for å bli samde om ein ny avtale for å ta vare på meir natur. Første utkast til ein internasjonal avtale er no publisert.

Utkastet til nye mål og nytt globalt rammeverk for naturmangfald markerer startskotet for forhandlingane om eit nytt internasjonalt avtaleverk for natur. Arbeidet skal bli sluttført i Kunming i Kina i oktober i år.

- Vi treng meir natur, ikkje mindre. Verda har både ei naturkrise og ei klimakrise. At verda blir samde om ein avtale under toppmøtet for natur i Kina i oktober i år, vil vere like viktig for naturen som Paris-avtalen er for klima. Utkastet til avtale som no er lagt fram, er eit godt utgangspunkt. Vi har høge ambisjonar for resultatet i Kunming i oktober, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Første utkast til nytt rammeverk kan du lese her: www.cbd.int
Naturpanelet (IPBES) teiknar i den globale utgreiinga si frå mai 2019 eit dystert bilde av tilstanden for naturmangfaldet i verda. 1 million artar er trua av utrydding. Naturpanelet peikar på at gjennomgripande samfunnsendringar må til for å sikre naturen som livsgrunnlag for kommande generasjonar.

  • FN-konvensjonen om biologisk mangfold er en global avtale om bevaring og bærekraftig bruk av biologisk mangfold. Den handler også om rettferdig fordeling av godene som oppnås ved bruk av genetiske ressurser. 
  • Konvensjonen ble vedtatt i Rio de Janeiro i 1992 sammen med Klimakonvensjonen og Forørkningskonvensjonen. 
  • 196 land er parter.
  • Naturpanelets globale utredning er den viktigste kunnskapskilden for konvensjonen
  • Aichi-målene fra 2010 utløper i år. Et nytt globalt rammeverk skal vedtas i Kina i oktober.