-Vi er svært fornøgde med avtalen vi no har inngått med Statoil om å gjennomføre moglegheitsstudier for CO2-lagring på norsk kontinentalsokkel. Statoil har nær 20 års erfaring med CO2-lagring frå Sleipner og er difor svært godt rusta til å gjennomføre desse studiene, seier olje- og energiminister Tord Lien.

Olje- og energidepartementet har gjennomført ein konkurranse etter reglane for offentlege innkjøp om dette oppdraget. Statoil var einaste tilbydar i konkurransen. Avtalen er inngått etter forhandlingar. Resultata frå arbeidet vil saman med moglegheitsstudier for CO2-fangst og CO2-transport danne grunnlaget for ei avgjerd om vidare arbeid med fullskala CO2-handtering i Noreg.

CO2-handtering er eit viktig klimatiltak. For å oppnå dei måla ein sette seg i klimaavtalen frå Paris, vil fangst og lagring av CO2 i stort omfang vere heilt nødvendig. Regjeringas strategi for CO2-handtering inneheld eit breidt spekter av aktivitetar for å utvikle teknologiar for fangst, transport og lagring av CO2. Avtalen som no er inngått med Statoil er ein del av dette arbeidet.Figur: Oversikt over CO2-lager som skal utgreiast.

Figur: Oversikt over CO2-lager som skal utgreiast.