Statsbudsjettet 2016: Fylkesvegane - vedlikehaldsetterslep blir innhenta

Fylkesvegane får vekst i statsbudsjettet også i 2016. Totalt 2 297 millionar kroner er sett av til fylkesvegar. Dette er meir enn ei tredobling frå regjeringsskiftet. Over budsjettet til Samferdselsdepartementet er det foreslått 596 millionar kroner i tilskott til skredsikring og 192,5 millionar kroner til rentekompensasjonsordninga for transporttiltak i fylka.

Over rammetilskottet til fylkeskommunane, på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, blei det i 2015 lagt inn 272 millionar kroner i samband med at ein i 2016 set i verk forskrift som gjeld tryggleik i tunnelar på fylkesvegnettet. Dette er vidareført med 279,3  millionar kroner  i budsjettforslaget for 2016.

Vidare blir fylkeskommunane tildelt om lag 1230 millionar  kronar med grunngjeving i opprusting og vedlikehald av fylkesvegar.

- Fylkesvegane får med dette – til liks med riksvegane – ei sterk satsing som mellom anna er med på å hente inn vedlikehaldsetterslepet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Tryggare tunnelar på fylkesvegnettet
Iverksetting av ei eiga forskrift om krav til tryggleik for visse vegtunnelar på fylkesvegane og på det kommunale vegnettet i Oslo fører til at fylkeskommunane og Oslo kommune får ekstra utgifter for å gjennomføre pålagde sikringstiltak.

Regjeringa legg opp til at fylkeskommunane skal få kompensasjon for desse ekstrautgiftene, i form av løyving over rammetilskottet til fylkeskommunane. Oppfylling av krava i forskrifta skal følgje ein tidsplan der målet er å fullføre tiltaka innan utgangen av 2019. Meirutgiftene for å oppfylle krava vil variere frå fylke til fylke, og dette er det tatt omsyn til i den fylkesvise fordelinga av kompensasjonsbeløpet på 279 millionar kroner i 2016.

Låne- og investeringsramme og rentekompensasjon – fylkesvis fordelingEi rentekompensasjonsordning for transporttiltak i fylka blei innført frå 2010. I budsjettframlegget frå den førre regjeringa var rentekompensasjonsordninga foreslått fjerna, men etter regjeringsskiftet hausten 2013 blei det foreslått å vidareføre ordninga med ei låne- og investeringsramme på to milliardar kroner også i 2014.

I forslag til statsbudsjett for 2015 gjekk regjeringa inn for å utvide den statlege låne- og investeringsramma frå to milliardar kroner i 2014 til tre milliardar kroner i 2015. Regjeringa foreslår no å vidareføre denne ramme også for 2016.

Det årlege behovet for løyvingar til rentekompensasjon er avhengig av rentenivået.  192,5 millionar kroner  er foreslått i statleg rentekompensasjon for 2016.

Den fylkesvise fordelinga av investeringsramma for 2016 er basert på kriterium for  investeringsramme på tre milliardar kroner. Kriteria er baserte på 50 prosent knytt til folketal og 50 prosent knytt til veglengd.

Statleg rentekompensasjon til fylkeskommunale transporttiltak: Fylkesvise fordeling av investeringsramme rentekompensasjon for 2016.

Fylke

Investeringsramme   i 2015 – mill. kroner

 

Rentekompensasjon   for 2016 – i 1000 kroner

Østfold

141,9

 

   8 548  

Akershus

234,7

 

13 777

Oslo  

196,3

 

11 209

Hedmark

183,2

 

10 422

Oppland

 155,4

 

 8 455

Buskerud

140,5

 

8 896

Vestfold

112,9

 

 6 785

Telemark

113,0

 

  7 819

Aust-Agder

  83,7

 

 5 092

Vest-Agder

122,0

 

6 921

Rogaland

220,2

 

12 969

Hordaland

248,4

 

16 713

Sogn   og Fjordane

116,7

 

12 007

Møre   og Romsdal

181,1

 

12 383

Sør-Trøndelag

190,3

 

11 561

Nord-Trøndelag  

140,0

 

8 888

Nordland

205,8

 

14 819

Troms

143,9

 

 9 537

Finnmark

 70,0

 

 5 699

Sum

3 000,0

 

192 500

 
For fleire opplysningar - sjå: