Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2017: Vil auke kompetansen i barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Regjeringa tek sikte på å fremme ei barnevernsreform for Stortinget våren 2017. Reforma vil gi kommunen eit større ansvar for barnevernet. Derfor foreslår regjeringa å styrke kompetansehevinga i barnevernet med 20 millionar kroner.

- Med auka ansvar vil kommunane få større handlingsrom og moglegheiter til å komme tidlegare inn med rett hjelp til rett tid. Kompetanseheving er ein grunnleggande føresetnad for auka kommunalt ansvar for barnevernet, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP).

Kommunen kjenner best det enkelte barn og barnet sitt behov. Regjeringa ønskjer at kommunane skal få eit større ansvar for barnevernet slik at dei kan komme tidlegare inn og samarbeide betre med andre tenester for barn, unge og familiar.

- For at ei ny ansvarsdeling i barnevernet med utvida ansvar for kommunane skal fungere godt, må vi heve kvaliteten på tenestene. God kvalitet er avhengig både av god organisering og god kompetanse. Derfor gjennomfører vi nye tiltak for å auke kompetansen, særleg i det kommunale barnevernet, seier barneministeren.

Regjeringa foreslår frå og med 2017 fleire kompetansetiltak for å heve kvaliteten:

  • Barnevernstenestene skal få tilbod om opplæring og rettleiing, med mål om auka kompetanse i undersøking- og hjelpetiltaksarbeid.
  • Det vert sett i gong eit arbeid med å utvikle IT-basert avgjerdsstøtte i barnevernet. Det skal gi tilsette betre tilgang på fagleg støtte.
  • Det skal etablerast rettleiingsteam som kan hjelpe kommunar og barnevernstenester med særlege utfordringar.
  • Regjeringa vidarefører støtta til vidareutdanning i barnevernsleiingar som starta i februar 2016.
  • Regjeringa foreslår at tilskotsordninga til barnevernsfaglege vidareutdanningar vidareførast med heilårseffekt. Den skal også utvidast til å gjelde arbeidsgivarar til tilsette som tek vidareutdanning om temaet barnevern i eit minoritetsperspektiv. Samla sett foreslår regjeringa å auke løyvinga til tilskotsordninga til 6,2 millionar kroner i 2017. 

I tillegg foreslår regjeringa 5 millionar kroner til forsking som skal bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag om barnevernet og familievernet, og 3 millionar kroner til eit støtteapparat eller rettleiingsteneste til fosterforeldre til barn som får opphald i Norge. 

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til det statlege barnevernet med 60 millionar kroner. Det er forventa at aktiviteten i det statlege barnevernet framleis vil vekse i 2017. Veksten vil primært dekkast ved kjøp av private barnevernstiltak.