Statsministerens program ved markeringa av 10-årsdagen for 22. juli

I år er det 10 år sidan terroren i regjeringskvartalet og på Utøya, der 77 menneske vart drepne. Statsminister Erna Solberg deltek på fleire markeringar i samband med 10-årsdagen.

Onsdag 21. juli
Kl. 14.30: Statsministeren deltek på 22. juli-senterets minnearrangement «10 år etter», der ho er med i ein panelsamtale om 22. juli. Sveriges statsminister Stefan Löfven, Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Clifford Chanin frå 9/11 Memorial Museum i New York deltek også i samtalen.

Arrangementet går føre seg i Universitetets aula i Oslo. Det er avgrensa tal på publikumsplassar, og alle som ønskjer å vere til stades må melde seg på. Arrangementet kan også følgjast direkte på nett.

Rett etter panelsamtalen, om lag kl. 16.00, er deltakarane tilgjengelege for presse. Pressefolk som ønskjer å vere til stades kan akkreditere seg ved å sende ein e-post til post@22julisenteret.no innan 20. juli kl. 12.

Pressekontakt på 22. juli-senteret er Anne Talsnes, telefon 45 77 00 40, e-post anne.talsnes@22julisenteret.no.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Kl. 16.45: Statsminister Erna Solberg og Sveriges statsminister Stefan Löfven møtest til bilaterale samtalar i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 16.15. Ta med pressekort og gyldig ID.

Etter møtet, om lag kl. 17.30, er dei to statsministrane tilgjengelege for korte kommentarar. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 17.00.

Pressekontakt for statsminister Erna Solberg er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Pressekontakt for statsminister Stefan Löfven er pressesekretær Jennie Zetterström, telefon +46 73 053 92 70, e-post jennie.zetterstrom@regeringskansliet.se.

Torsdag 22. juli
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på minnemarkeringa i regjeringskvartalet.

Kl. 11.00: Statsministeren er til stades på gudstenesta i Oslo domkyrkje.

Kl. 15.00: Statsministeren er til stades på minnemarkeringa på Utøya.

Kl. 19.55: Statsministeren er vert for regjeringa sitt nasjonale minnearrangement i Oslo Spektrum.

Publikum på det nasjonale minnearrangementet i Oslo Spektrum vil i hovudsak vere berørte etter 22. juli, representantar frå det offisielle Noreg og andre aktørar som har ei tilknyting til 22. juli. Etterlatte og overlevande som ønskjer å delta på minnearrangementet kan senda  ein e-post til 10aarsmarkering@mfa.no.

Det er ledig kapasitet i Spektrum og det er også mogleg for andre som ønskjer det å melde seg på. Det kan gjerast her. Me ber publikum spesielt merke seg informasjon om Covid-19 og koronasertifikat, i tråd med krava til smittevern. Det er gratis å delta.

Detaljert program for 10-årsmarkeringa for 22. juli.

Det er akkrediteringsfrist for presse 15. juli.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.