Statsministerens program veke 11

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Laurdag 12. mars

Kl. 09.45: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Akershus universitetssjukehus i samband med at det er to år sidan koronatiltaka vart innført i Noreg. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Søndag 13. mars

Kl. 09.45 Statsminister Jonas Gahr Støre møter H.M Kong Abdullah av Jordan til eit frukostmøte i statsministerbustaden. Forsvarsminister Odd Roger Enoksen vil òg vere til stades. Statsministeren  vil vere tilgjengeleg for presse i etterkant av møtet.

Presse som ønskjer å vere til stades må akkreditere seg til the@smk.dep.no innan laurdag 12. mars kl. 16.00. Oppmøte i Riddervoldsgate 2 kl. 09.15. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.

Måndag 14. mars

Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2023 med budsjettkonferanse på Klækken hotell.

Budsjettkonferansen varer frå 14. til 16. mars. I samband med at konferansen startar, vil det bli ei kort presseorientering kl. 09.20 og deretter fellesfoto av regjeringa. Pressa vil bli sleppt inn på området frå kl. 09.00.

Fristen for akkreditering er gått ut. Akkreditert presse som kjem til Klækken hotell må ta med pressekort og godkjend id.

Pressekontakt er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Onsdag 16. mars

Kl. 16.00: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Tysklands visekanslar Robert Habeck til samtale i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien. Tema for møtet er mellom anna Ukraina, energisamarbeid og grøn omstilling. Olje- og energiminister Terje Aasland og næringsminister Jan Christian Vestre vil òg vere til stades.

Det vert pressetilgjenge etter møtet, om lag kl. 17.30. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 17.00. Presse kan akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan onsdag 16. mars kl. 10.00.

Pressekontakt for statsministeren er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Pressekontakt for visekanslaren er Stephan Gabriel Haufe, telefon +49 170 66 92 183, e-post stephangabriel.haufe@bmwk.bund.de.