Statsministerens program veke 11
Pressemelding | Dato: 06.03.2026 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Tysdag 10. mars
Kl. 09.30: Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg er tilgjengelege for pressa utanfor Statsministerens kontor før regjeringas budsjettkonferanse.
Det blir lagt til rette for gruppebilete av regjeringa før oppstart.
Presse som ønskjer å delta må melde seg på her innan måndag 9. mars kl. 15.00.
Det er ikkje lagt opp til fleire møte med pressa i løpet av budsjettkonferansen.
Oppmøte på Statsministerens kontor i Glacisgata 1 for registrering og sikkerheitssjekk tysdag 10. mars frå kl. 08.30 og innan kl. 09.00. Ta med pressekort og gyldig legitimasjon.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Torsdag 12. mars
Kl. 12.00: Statsministeren taler på årskonferansen til Offshore Norge på Skur 13 ved Tjuvholmen.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud, telefon 92 05 76 50, e-post msa@smk.dep.no.
Fredag 13. mars
Tysklands forbundskanslar Friedrich Merz besøker Noreg, etter invitasjon frå statsminister Jonas Gahr Støre. Dette er første gong Merz er på offisielt besøk til Noreg. På dagsorden står mellom anna romfart og militærøvinga Cold Response.
Pressekontakter for statsminister Jonas Gahr Støre er kommunikasjonsrådgiver Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ingrid-brandal.myklebust@smk.dep.no og Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post tone.hertzberg@smk.dep.no.