Tysdag 6. januar

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på eit toppmøte med Ukrainas støttespelarar, omtalt som «koalisjonen av dei villige», i Paris.

Presse som vil dekke møtet, må søke om akkreditering seinast innan måndag 5. januar kl. 1200. Pressekontakt for reisa er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse: tlf. 99 21 46 10 eller e-post ahj@smk.dep.no.

Onsdag 7. januar

Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på årskonferansen til NHO i Nova Spektrum i Lillestrøm, og held tale i første del av programmet.

Om kvelden deltek han på NHO sin årsmiddag.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Kl. 12.00: Statsministeren møter WTO sin generalsekretær, Ngozi Okonjo-Iweala.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Torsdag 8. januar

Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre gjer greie for Regjeringa sin plan for Noreg i Stortinget. Statsministeren vil vere tilgjengeleg for presse i Vandrehallen i etterkant av utgreiinga.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Godager Høgalmen, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek i ein panelsamtale på nyttårsseminaret til Norsk Hydro på Nobels fredssenter.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.

Fredag 9. januar

Kl. 12.30: Statsminister Jonas Gahr Støre leier eit møte i regjeringa sitt kontaktuval for partane i arbeidslivet. Tema for møtet er Nasjonal sikkerheitsstrategi.

Møtet er på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere ei fotomoglegheit ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 12.00.

Etter møtet, om lag kl. 14.00, vil møtedeltakarane vere tilgjengelege for presse. Me ber om påmelding til rvi@smk.dep.no innan torsdag 8. januar. For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 13.30. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Laurdag 10. januar

Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades på Idrettsgallaen i Hamar OL-amfi.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.