Statsministerens program veke 24

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 12. – måndag 13. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre reiser til Finland for å delta på Kultaranta Talks som i år har tittelen «Responsible, strong and stable Nordic region». Finlands president Sauli Niinistö er vert for arrangementet. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar. Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no og politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.

Tysdag 14. juni
Statsministeren deltek på nordisk toppmøte i Samarbeidskomitéen for dei nordiske sosialdemokratiske partia og landsorganisasjonane (SAMAK). Møtet går føre seg i Bommersvik ved Stockholm.

Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.

Torsdag 16. juni
Kl. 10.00: Statsministeren er til stades i Stortinget i samband med godkjenning av utkast til protokollar om Nato-medlemskap for Finland og Sverige.

Pressekontakt er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no

Kl. 18.00: Statsministeren deltek i regjeringa sin middag for HKH Prinsesse Ingrid Alexandras myndigheitsdag. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.

Fredag 17. juni
Kl. 20.00: Statsministeren deltek i gallamiddag på Slottet, i samband med markeringa av HKH Prinsesse Ingrid Alexandras 18-årsdag.

Laurdag 18. juni
Kl. 16.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på opninga av den nasjonale minnestaden på Utøykaia, etter terroren i regjeringskvartalet og på Utøya i 2011. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Veke 25

Fredag 24. juni
Kl. 11.00: Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til oppsummerande pressekonferanse før sommaren, i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Pressefolk som vil vere til stades, må melde seg på til hbo@smk.dep.no innan onsdag 22. juni.

Ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 10.00.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Veke 26

Måndag 27. juni og tysdag 28. juni
Statsministeren deltek på FNs havkonferanse i Lisboa. Les meir her.

Presse som skal akkreditere seg til konferansen på førehand må gjere det via https://www.un.org/en/media/accreditation/ innan 12. juni 2022. Les meir om akkreditering her.

Vi ber om at media som ønskjer å dekkje statsministerens besøk til Lisboa melder frå til ibm@smk.dep.no innan 12. juni.

Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Tysdag 28. – torsdag 30. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre, utanriksminister Anniken Huitfeldt og forsvarsminister Bjørn Arild Gram deltek på Nato sitt toppmøte i Madrid.

Natos akkrediteringsfrist for media er 20. juni.

Vi ber om at media som ønskjer å dekkje statsministerens Madrid-besøk melder frå til mlk@smk.dep.no seinast 20. juni.

Den norske delegasjonen vil ha med ein fotograf som deler bilete fortløpande til fri bruk for media. 

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon 99 52 20 26, e-post mlk@smk.dep.no.