Måndag 28.juli

Statsministeren, kunnskapsministeren og arbeids- og inkluderingsministeren inviterer til pressekonferanse om prioriteringar i skulen. Pressekonferansen finn stad på Deichmann Tøyen i Hagegata 28 klokka 1200. Presse som vil vere til stades, må melde seg til rvi@smk.dep.no.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Sunniva Bjerkaas, telefon 958 89 893, e-post snb@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Andreas Høglund, telefon 94 37 31 26, e-post andreas.hoglund@smk.dep.no.

Oppmøte seinast kl. 11.30. Ha med pressekort og gyldig ID.

Tysdag 29. juli og onsdag 30. juli

Statsminister Jonas Gahr Støre reiser til Vestfold og Telemark. Pressekontakt for reisa er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 468 19 812, e-post mlf@smk.dep.no.

Statsministeren besøkjer mellom anna redningsskøyta til Redningsselskapet i Larvik og Lindheim Ølkompani på Gvarv. Statsministeren deltek også på eit ope folkemøte på Rjukanhuset i Rjukan. Folkemøtet startar klokka 1930.

I Rauland skal Statsministeren besøkje Rehabiliteringssenteret AiR og Lega ost og bakst. Barne- og familieminister Lene Vågslid deltek også på begge besøk.

Onsdag kveld har statsministeren ein statsministerduell mot Framstegspartiet sin leiar, Sylvi Listhaug, på utestedet Carls i Oslo. Duellen arrangerast av Arbeidarpartiet og Framstegspartiet. Pressekontakt er politisk rådgivar Sunniva Bjerkaas, telefon 958 89 893, epost snb@smk.dep.no.

Torsdag 31. juli

Statsministeren taler og besøkjer AUF sin sommarleir på Utøya. Pressekontakt er politisk rådgivar Sunniva Bjerkaas, telefon 958 89 893, epost snb@smk.dep.no.

Fredag 1. august og laurdag 2. august

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Trønderlag og Innlandet. Statsministeren har både valkamparrangement og offisielle programpostar. Statsministeren besøkjer mellom anna Trondheim, Røros, Alvdal, Atna, Gjøvik og Hamar.

I Trondheim skal statsministeren mellom anna delta på Adressa-samtalen på Vestfrontplassen framfor Nidarosdomen.

Statsministeren deltek på eit ope folkemøte på Kaffestuggu i Røros i regi av Arbeidarpartiet.

På laurdagen møter statsministeren ungdom i sommarjobb på Hunderfossen eventyrpark.

Pressekontaktar er kommunikasjonsgivar Ragnhild H. Simenstad, telefon 917 17 459, e-post rhs@smk.dep.no, og politisk rådgivar Sunniva Bjerkaas, telefon 958 89 893, epost snb@smk.dep.no.