Statsministerens program veke 40
Pressemelding | Dato: 29.09.2025 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Tysdag 30. september
Kl. 10.30: Statsminister Jonas Gahr Støre og justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen deltek på eit møte med politiet på politihuset på Grønland i Oslo. Starten av møtet vil vere open for pressa. Begge vil vere tilgjengelege for pressa i etterkant av møtet.
Presse som ønsker å dekke møtet må melde seg på til andreas.hoglund@smk.dep.no innan tysdag kl. 09.00.
Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Andreas Høglund , telefon 94 37 31 26, e-post andreas.hoglund@smk.dep.no og politisk rådgivar Sunniva Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no.
Onsdag 1. oktober
Kl. 19.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på middag på Amalienborg slott i København, i samband med møte i European Political Community.
Torsdag 2. oktober
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på møte i European Political Community i København.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no
Veke 47
Fredag 21. – søndag 23. november
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på G20-toppmøtet i Johannesburg i Sør-Afrika.
Endeleg frist for akkreditering er 7. oktober.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.