Måndag 15. desember

Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre presenterer Regjeringa sin plan for Noreg i Marmorhallen i Kongens gate 20 i Oslo. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Påmelding til rvi@smk.dep.no innan fredag 12. desember kl. 12.00. Oppmøte for påmeld presse måndag seinast kl. 09.30.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Kaja Godager Høgalmen, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Onsdag 17. desember

Kl. 11.00: Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til halvårleg oppsummerande pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien i Oslo.

Presse som vil vere til stades, må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan måndag 15. desember.

Inngang via Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig ID. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 09.30.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Fredag 19. desember

Om morgonen er statsminister Jonas Gahr Støre til stades på Årets mørkeste dag, Røde Kors si markering mot einsemd og utanforskap, ved Nationaltheateret i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.