Presseinvitasjon

Statsråd Gjelsvik inviterer til møte om distriktsmeldinga i Troms og Finnmark

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøker Kirkenes, Karasjok og Alta i Troms og Finnmark 25. og 26 april. Han møter regionale og lokale aktørar, og inviterer til fleire møter for å få innspel til arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.

Media er velkomne til å ta del i programmet.

Program for måndag 25. april

 

Kl. 11.30 Statsråden besøker Kimek

  • Stad: Storgata 4, Kirkenes

Kl. 13.00 Statsråden inviterer lokale og regionale aktørar i Aust-Finnmark til eit innspelsmøte for å få betre grunnlag for arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.

  • Stad: Scandic hotell Kirkenes, Kongens gate 1-3 i Kirkenes.

Kl. 19.00 Statsråden møter Sametinget for å få innspel til arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken. Statsråden et også middag med representantar frå Sametinget.

  • Stad: Sametinget, Ávjovárgeaidnu 50 i Karasjok.

Program for tysdag 26. april

Kl. 12.00 Statsråden inviterer lokale og regionale aktørar i Alta til eit innspelsmøte for å få betre grunnlag for arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.

  • Stad: Thon hotell Alta, Labyrinten 6, Alta

Kl. 14.15 Statsråden besøker programvareselskapet SmartDok

  • Stad: Markveien 2, Alta

Pressekontakt

Senior kommunikasjonsrådgivar Ingvild Sahl, mobiltlf. 95 87 05 41

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00