Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

Sterk satsing på miljøvenleg transport i byområda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– God byutvikling og meir miljøvenleg transport er med på å skape ei grønare framtid. Byane våre veks, og regjeringa held difor fram den stadig viktigare satsinga på kollektivtransport og infrastruktur for å sykle og gå, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

I framlegget til statsbudsjett går regjeringa inn for å bruke 6,5 milliardar kroner til å følgje opp byvekstavtalane og belønningsavtalane. Den allereie sterke satsinga på miljøvenleg transport i dei store byområda aukar med nær 20 prosent, samanlikna med 2020-budsjettet.

– Det skal bli enklare å velje grøn transport i kvardagen. Veksten i persontransporten skal skje med kollektivtransport, sykling og gonge, og effektiv arealbruk blir endå viktigare. Slik får vi saman ned utsleppet av klimagassar, vi fjernar kø og vi reduserer støy og lokal luftforureining. Vi føljer opp bompengeavtalen frå 2019, og med pengar til reduserte bompengar, betre kollektivtilbod og reduserte billettprisar i kollektivtransporten er dette eit godt budsjett både for bilistar og andre reisande, seier Hareide.

Oslo, Bergen, Trondheim og Nord-Jæren

Av budsjettframlegget går det fram at regjeringa vil setje av 6 milliardar kroner til å følgje opp byvekstavtalar i Osloområdet, Bergensområdet, Trondheimsområdet og Nord-Jæren.

Til store kollektivprosjekt er midlane foreslått brukt slik: 890 millionar kroner til Fornebubanen i Oslo og Viken, 890 millionar kroner til Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen, 140 millionar kroner til Metrobussen i Trondheim og 710 millionar kroner til Bussveien på Nord-Jæren.

Regjeringa har sett av nær 1 milliard kroner for å auke det statlege bidraget i desse fire store kollektivprosjekta og i ny T-banetunnel i Oslo til 66 prosent. Denne auken er i tråd med bompengeavtalen frå 2019. Som del av oppfølginga av bompengeavtalen er det også sett av 200 millionar kroner til reduserte billettprisar i kollektivtransporten i dei fire største byområda, og 52 millionar kroner for å godtgjere inntektstapet etter fjerning av rushtidsavgifta på Nord-Jæren.

Det blir også foreslått 1 milliard kroner til gang- og sykkelvegar og kollektivtiltak langs riksvegane i desse byområda, og 1,2 milliardar kroner til belønningsmidlar som mellom anna kan gå til drift av lokal kollektivtransport. Det blir sett av midlar til planlegging av mindre tiltak og arealavklaringar for jernbanen på Nord-Jæren.

I framlegget til budsjett er det sett av pengar til førebuande arbeid og mogleg anleggsstart for ny E18 Lysaker – Ramstadsletta i Viken. Det vil også vere mogleg med førebuande arbeid og eventuelt anleggsstart for rv. 509 Sør-Tjora – Kontinentalvegen i Rogaland. Prosjektet er finansiert fullt ut med bompengar.

Kristiansand, Buskerudbyen, Grenland, Nedre Glomma og Tromsø

Regjeringa følgjer i framlegget til statsbudsjett opp belønningsavtalane i Kristiansand, Buskerudbyen, Nedre Glomma og Tromsø. Det er sett av 100 millionar kroner i tilskot til reduserte billettprisar i kollektivtransporten, slik bompengeavtalen frå 2019 legg opp til. I budsjettframlegget heiter det at Grenland, som no er inne i det siste året av den gjeldande avtalen, kan søke om ny belønningsavtale frå 2021. Det er samla sett av nær ein halv milliard kroner til desse satsingane.

Sjå alle pressemeldingane frå Samferdselsdepartementet.