Stor interesse for å vere med og restaurere Oslofjorden
Nyheit | Dato: 05.02.2026 | Klima- og miljødepartementet
Fristen for å søkje om tilskot til restaureringstiltak i Oslofjorden gjekk ut 15. januar. Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen seier han er imponert over den store interessa for å bidra i arbeidet.
Ei førebels gjennomgang frå Miljødirektoratet viser at dei har fått inn nær 200 søknader, med ein samla søknadssum på nær 400 millionar kroner.
– Interessa er rett og slett enorm. Dette er akkurat det engasjementet vi treng for å klare å redde Oslofjorden, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Søknadene kjem frå eit breitt spekter av aktørar, mellom anna kommunar, private verksemder, frivillige organisasjonar og fagmiljø. Rundt 35 søknader er frå fiskarar, eller prosjekt der fiskarar er ein del av arbeidet. Desse står for om lag 100 millionar kroner av den totale søknadssummen.
– Vi har oppmoda fiskarar som blir råka av dei nye fiskerirestriksjonane om å søkje støtte til restaureringsprosjekt. Det er veldig positivt at så mange ønskjer å bruke erfaringa og kunnskapen sin til å bidra til ein rein og rik Oslofjord, seier Bjelland Eriksen.
Rask søknadsbehandling
Miljødirektoratet er no i gang med å gå gjennom søknadene. Direktoratet skal vurdere kva prosjekt som fell inn under ordninga, og kva som best kan bidra til å forbetre tilstanden i fjorden. Miljødirektoratet prioriterer arbeidet med søknadene høyt, og vil behandle søknadene så raskt som mulig . Ordninga er nærare omtalt på departementet sine nettsider.
Ny Oslofjordplan
Arbeidet for å betre miljøtilstanden i Oslofjorden er høgt prioritert av regjeringa, som allereie har sett i verk fleire tiltak. Regjeringa har særleg retta innsatsen mot dei største kjeldene til påverknad: avrenning frå jordbruk, utslepp frå avløp og fiskeri.
I løpet av 2026 vil regjeringa leggje fram ein ny Oslofjordplan. Den nye planen skal erstatte planen frå 2021, og skal vise dei viktigaste prioriteringane for arbeidet dei neste fem åra. Forslaget vil bli sendt på høyring i løpet av våren, og endeleg plan skal etter planen leggjast fram til hausten.