Stor interesse for nytt leiteareal i TFO 2025
Pressemelding | Dato: 04.09.2025 | Energidepartementet
Energidepartementet har fått inn ei rekkje søknader frå 20 selskap i samband med utlysinga av konsesjonsrunden for dei mest kjente leiteområda på norsk kontinentalskokkel.
– Leiting og nye funn er avgjerande for arbeidsplassar og verdiskaping. Det er viktig at selskapa leitar slik at petroleumsverksemda kan videreutviklast. Det er derfor gledeleg å sjå at det framleis er stor interesse og at selskapa har tru på moglegheitene som ligg i vidare leiting på norsk kontinentalsokkel. Dette legg til rette for at Noreg kan halde fram med å vere ein stabil og føreseieleg olje- og gassleverandør til Europa, seier energiminister Terje Aasland.
Tildeling i førehandsdefinerte område (TFO) er den årlege konsesjonsrunden for dei mest kjente leiteområda på norsk kontinentalsokkel som ikkje allereie er konsesjonsbelagt. TFO omfattar no størstedelen av dei tilgjengelege leiteområda på kontinentalsokkelen.
TFO 2025 vart lyst ut 9. mai 2025. Då søknadsfristen gjekk ut 2. september hadde departementet fått inn søknader om nye tildelingar frå til saman 20 selskap. Av konkurransemessige omsyn offentleggjer ikkje departementet det totale talet på søknader.
TFO-området blir utvida etter kvart som den geologiske kunnskapen i områda på norsk kontinentalsokkel aukar. I samband med årets konsesjonsrunde vart det forhåndsdefinerte området utvida i Barentshavet og Norskehavet.
Det blir lagt opp til å tildele nye utvinningsløyve i dei utlyste områda i starten av 2026.
Fullstendig utlysingstekst, oppdatert kart over utlyste blokker, HMS-, miljø- og fiskeriforhold og ytterlegare informasjon er tilgjengeleg på nettsidene til Sokkeldirektoratet.
Dessa selskapa har søkt:
Aker BP ASA
Concedo AS
ConocoPhillips Skandinavia AS
DNO Norge AS
Equinor Energy AS
Harbour Energy Norge AS
INPEX Idemitsu Norge AS
Japex Norge AS
Lime Petroleum AS
OKEA ASA
OMV Norge AS
ORLEN Upstream Norway AS
Pandion Energy AS
Petrolia NOCO AS
Repsol Norge AS
Source Energy AS
Sval Energi AS
TotalEnergies EP Norge AS
Vår Energi ASA
Wellesley Petroleum AS
Bakgrunn
Før det kan tildelast løyve til petroleumsaktivitet i eit område på norsk kontinentalsokkel, må området vere opna for petroleumsverksemd. Det kan berre tildelast utvinningsløyve i område som er opna og tilgjengeleg for petroleumsverksemd.
Eit utvinningsløyve gir einerett til undersøking, leiteboring og utvinning av petroleum innanfor det geografiske området til løyvet. Utvinningsløyve blir normalt tildelt gjennom konsesjonsrundar. I ein konsesjonsrunde kunngjer departementet visse geografiske område der selskapa kan søkje om utvinningsløyve. På bakgrunn av søknadene som kjem inn, blir det tildelt utvinningsløyve til ei gruppe selskap på bakgrunn av saklege, objektive, ikkje-diskriminerande og på førehand kunngjorde kriterium. Departementet utpeikar ein operatør for kvart utvinningsløyve.
Dei årlege TFO-rundane blei innført i 2003. Målet var å leggje best mogleg til rette for å påvise og utvinne lønnsame ressursar i modne område før eksisterande infrastruktur blir stengd ned. TFO-konsesjonsrundane skjer årleg og innanfor eit førehandsdefinert område. Dette gir selskapa føreseieleg informasjon om kva område det er mogleg å søkje på. Det legg til rette for jamt påfyll av nytt leiteareal for selskapa, noko som er viktig for å få til ei effektiv utforsking i næringa. Over tid blir TFO-området utvida, basert på petroleumsfaglege vurderingar av kor modne områda er, og særleg behovet for stegvis leiting og utnytting av tidskritiske ressursar. I dag omfattar TFO-området størstedelen av det opna, tilgjengelege letearealet på norsk kontinentalsokkel.