Statsbudsjettet 2018:

Større satsing mot vald og overgrep

Regjeringa aukar satsinga i opptrappingsplanen mot vald og overgrep med 54 millionar kroner i 2018.

- Regjeringa prioriterer arbeidet mot vald og overgrep høgt. Omfanget av vald og overgrep er stort og konsekvensane er svært alvorlege både for den enkelte og for samfunnet. Derfor foreslår vi ei ytterlegare satsing for å styrke Statens barnehus, politiets arbeid og tiltak overfor vaksne i risiko for vald og overgrep, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP). 

I tillegg vert satsinga frå 2017 på 530 millionar kroner vidareført neste år. Totalt er det dermed sett av 584 millionar kroner til tiltak i opptrappingsplanen i 2018. 

Statens barnehus og politiet

Regjeringa føreslår å styrkje barnehusa og politiet ytterlegare for å gi betre hjelp til barn som er utsette for vald og overgrep. 

Løyvinga til Statens barnehus er tredobla sidan 2013 og ventetida har blitt redusert. Barnehusa har både fått betre kapasitet og kvalitet i tilbodet. Talet på tilrettelagte avhøyr av barn som har vore offer for, eller vitne til, vald og overgrep har dobla seg frå 2013 til 2016. 

- Det er heilt naudsynt at dei som jobbar med avhøyr av barn har den fremste kompetansen på korleis desse barna kan bli snakka med og ivaretekne på best mogleg måte. Derfor vil vi styrkje kapasiteten og kompetansen i Statens barnehus, samstundes som vi styrker politiets kapasitet og kompetanse til etterforsking i saker som gjeld vald og overgrep mot barn, seier justisminister Per-Willy Amundsen (FrP). 

På Statens barnehus blir det òg gjennomført medisinske undersøkingar av barn.

- Barna som kjem til barnehusa er i ein spesielt sårbar situasjon og treng å bli ivaretekne på best mogleg vis. Derfor vil vi styrkje kapasiteten og kompetansen knytt til medisinske undersøkingar, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H). 

Regjeringa føreslår også 11 millionar kroner til å styrkje politiets arbeid mot internettrelaterte overgrep mot barn. 

- Vi veit at mange overgrep mot barn er internettrelaterte. Derfor er det viktig at vi styrkjer politiet sitt arbeid på dette feltet, seier justisminister Per-Willy Amundsen. 

Vaksne i risiko for vald og overgrep

Personar med funksjonsnedsetting eller utviklingshemming, eldre og personar med rusproblem har større risiko for å bli utsette for vald og overgrep enn andre vaksne. Regjeringa føreslår å setje av 5 millionar kroner til TryggEst, ein modell som skal betre samhandlinga og styrkje arbeidet mot vald og overgrep. 

-  Målet vårt er å komme tidleg inn med det førebyggjande arbeidet, og då må vi finne ut korleis vi best kan hjelpe dei som er ekstra utsette. Derfor vil vi prøve ut modellen TryggEst som skal bidra til å gjere dei som jobbar med desse gruppene meir medvitne, og få til eit betre samarbeid mellom etatar og tenester. Modellen tek føre seg både førebygging og handtering av vald og overgrep, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne. 

Opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Opptrappingsplanen mot vald og overgrep vart fremja hausten 2016 og legg opp til ein heilskapleg og langsiktig innsats for å redusere førekomsten av vald og overgrep. 

Regjeringa held fram med å prioritere det førebyggande arbeidet og frå 2016 har det vore ei satsing på over éin milliard kroner på helsestasjons- og skulehelsetenesta. Det har også vore ei historisk satsing på familievernet, som er styrkt med 128 millionar kroner i denne regjeringsperioden.  

Regjeringa har som mål at fleire barn skal leve gode liv i eigen heim, gjennom førebyggjande arbeid lokalt og ved å gi foreldre hjelp og støtte i foreldrerolla. Regjeringa skal utarbeide den fyrste, nasjonale strategien for foreldrestøtte som skal handle om ulike tiltak og tenester som rettar seg mot foreldre. 

Det er viktig med eit godt behandlingstilbod til barn utsette for vald eller seksuelle overgrep. Regjeringa føreslår 30 millionar kroner på ein eigen post til Stine Sofie Senteret, som er eit nasjonalt senter for mestring og livsglede for barn som har opplevd vald eller seksuelle overgrep.  

- Regjeringa har òg sett i gang eit arbeid for å berekne kostnadar ved ulike tiltak mot vald og overgrep. Utgreiinga vil vere eit sentralt grunnlag for å vurdere dei økonomiske behova knytte til tiltak mot vald og overgrep i perioden som står att av opptrappingsplanen, seier Solveig Horne. 

Her kan du lese opptrappingsplanen.

 

Aukinga i budsjettet for 2018 er fordelt på følgjande tiltak i opptrappingsplanen:

  • 5 millionar kroner til å prøve ut TryggEst; ein modell for vaksne i risiko med behov for vern mot vald og overgrep (Barne- og likestillingsdepartementet).   
  • 7 millionar kroner til å styrkje kapasitet og kompetanse knytt til medisinske undersøkingar i Statens barnehus (Helse- og omsorgsdepartementet).
  • 11 millionar kroner til å styrkje kapasitet og kompetanse i Statens barnehus (Justis- og beredskapsdepartementet).      
  • 20 millionar kroner til å styrkje politiet sin kapasitet og kompetanse til etterforsking i saker som gjeld vald og overgrep mot barn (Justis- og beredskapsdepartementet).
  • 11 millionar kroner til å styrkje arbeidet mot internettrelaterte overgrep mot barn (Justis- og beredskapsdepartementet).