Stortingsmelding om arbeidsmarknadspolitikken

Regjeringa vil forsterke innsatsen for å få endå fleire i arbeid ved å nytte ressursane og arbeidsevna til den enkelte betre. Derfor kjem regjeringa med ei ny melding til Stortinget om arbeidsmarknadspolitikken.

– Sjølv om sysselsetjinga er høg og arbeidsløysa låg, er det framleis mange som står utanfor arbeidsmarknaden. Det skjer samtidig som viktige delar av arbeidslivet slit med å skaffe arbeidskraft og rett kompetanse. Derfor må vi forbetre arbeidsmarknadspolitikken for å få endå fleire i arbeid og styrke tilgangen på arbeidskraft, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen. 

Ønsker brei politisk debatt

Den nye stortingsmeldinga skal byggje på eksisterande kunnskapsgrunnlag frå fleire offentlege utgreiingar dei siste åra, evalueringar av arbeidsmarknadstiltak og områdegjennomgang for ein meir effektiv og kunnskapsbasert bruk av arbeidsmarknadstiltak. Den skal også invitere til debatt om kva arbeidslinja inneber.

Stortingsmeldinga skal mellom anna ta opp følgjande utfordringar:

  • Andelen utanfor arbeid har vore konstant over lengre tid
  • Talet på unge uføre har dobla seg siste 10 åra

– Vi treng ein brei politisk debatt om korleis vi skal sikre at arbeidslivet får kompetansen som trengst i tida framover og korleis vi skal sikre den høge sysselsetjinga som er avgjerande for å halde oppe det norske velferdssamfunnet. Det gjer vi mellom anna ved å leggje fram ei melding for Stortinget, seier Mjøs Persen.

Stortingsmeldinga skal etter planen overleverast våren 2024.

Nylig arrangerte arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen frukostseminar om arbeidslinja. Sjå sendinga:

Nett-tv Frukostseminar om arbeidslinja

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her